Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vegarbeid i Falla – vegen blir stengt i 5 veker

Jon Olav Ørsal Fredag 27. oktober 2017

I neste veke startar arbeidet med utbetring av vegen i øvre del av Falla (ved Kufallfossen), der noko av vegbreidda rasa ut i elva i vår. Fredag starta Per Gjeldnes Maskin arbeidet med å gjøre ferdig omkjøringsvegen, som skal gå i ei sløyfe om Tjønnmyra medan vegen i øverste del av Falla er stengt.

Her skal sprengningsarbeidet foregå – Vatn Maskinstasjon startar arbeidet neste veke og frå 6. november og i 5 veker blirvegen stengt her, og det blir omkjøring via Tjønnmyra. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Vatn maskinstasjon som har fått oppdraget med utbetring av vegen i Falla, og dei startar arbeidet med maskinflytting, tilrigging og skogrydding i neste veke.  Frå måndag 6. november blir vegen stengt og autovernet demontert forbi området der sprengningsarbeidet vil foregå.  Midlertidig omkjøringsveg blir om Todalen I.L.s skianlegg på Tjønnmyra, og vegen derom blir skilta. Vegen opp øvre del av Falla blir stengt til sprengningsarbeidet er sluttført og nytt autovern er montert, fortel Gunnar Bøe, som er oppsynsmann i Surnadal kommune.

Her går omkjøringsvegen opp til Tjønnmyra fra Falla. Litt bratt, men kommunen lovar skikkeleg strøing. Foto: Jon Olav Ørsal

Her går vegen opp til Tjønnmyra – frå 6. november blir det omkjøring herom. Foto: Jon Olav Ørsal

Gunnar Bøe har god tru på at arbeidet skal bli ferdig innafor den tidsramma som er sett, og lovprisar den god samarbeidsviljen med berørte partar slik som bebuarar, grunneigar (Anita Talgø), brøytar (Gudmund Kårvatn), vegstrøar (Anders Karlsen) og ikkje minst Kårvatn fjellutstyr (Laila K. Bergli). Bøe håpar at det blir minst muleg problem med vegstenginga og lovar at det skal bli skikkeleg strødd om det blir glatt i perioden det pågår sprengningsarbeid.  

Lysløypetraseen blir omkjøringsveg nokre veker før jul, men vi har eit godt samarbeid med Todalen I.L. og andre aktørar om dette prosjektet – så det går nok bra, seier Gunnar Bøe i Surnadal kommune.

Omkjøringsvegen frå Tjønnmyra og ned mot Falla. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er hammaren på venstre side av vegen som skal skytes ut for å gi plass til ny veg øverst i Falla. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. oktober 2017, 16:11