Søndag feirar mange kyrkjer Allehelgensgudsteneste. Dette er ei messe med preg av både vemod og håp. – Kanskje blir den litt einsidig forstått som berre minnedag for dei vi har mista siste året, seier Torbjørn Brøske, som skal leie gudstenestene i Stangvik, Todalen og Åsskard. – Dagen dei gamle kalla Helgemesse, er jo ei høgtid mynta på heile kyrkjelyden, understrekar han. Brøske gjer for tida teneste ved Sjømannskyrkja på Gran Canaria, men er på heimebane denne helga. – I Todalen kyrkje blir gudstenesta søndag kl 14.00.
Les heile saka
Surnadal golfklubb kaller inn til ekstraordinært årsmøte 27. november.
Les heile saka
Kristian Settem vart takka med blomster og gåve under gudstenesta i Åsskard kyrkje søndag. Han sluttar no som kyrkjetenar etter eit kvart hundreår i kyrkjeleg arbeid.
Les heile saka
Bortimot 100 personer møtte opp når Todalen Idrettslag inviterte til middagsservering i ungdomshuset i dag. På menyen sto bacalao og sviskergraut, og folket sette pris på både den velsmakande maten og ikkje minst ei anledning til å treffe kjentfolk på ein ellers så grå søndag.
Les heile saka
Søndag 5. november startar vi på med førjulssjakk på Kaffekroken. Det blir start kl 18.45, og sjakklubben oppfordrar alle som har lyst til å bli med på eit uformelt sjakk parti, seier Anders Talgø som er talsmann for gruppa.
I dag, søndag 29. oktober inviterer Todalen Idrettslag på middagservering i Todalen ungdomshus. Da er det bacalao som står på menyen, og med klippfisk frå Finnøy og Åse Ville Redalen som kjøkkensjef ligg det an til ein skikkeleg kulinarisk ettermiddag i ungdomshuset. Kl 15 blir det utdeling av krus og premier frå trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa.
Les heile saka
Måndag 30. oktober går Kløverturen frå Heggøyå, over Romåbrua og innover etter Røyskattvegen. Turen går etter grei skogsveg, og det er ikkje bratt. Her kan ein gå i eige tempo og så langt som det passar den enkelte. Oppmøte ved Halsbua kl. 11.00, derifrå blir det samkjøring innover til Heggøyan. Alle er velkomne til å […]
Les heile saka
Laurdag var det storstila feiring av samarbeidsprosjektet mellom Surnadal og Sunndal – det samla mykje folk i Surnadal idrettshall for å feire 4 års samarbeid. Her var det samla deltakarar frå både Surnadal og Sunndal, og det var både talar, utstillingar og presentasjon av næringslivs- og kultursamarbeidet i dei to kommunane – god oppslutning var […]
Les heile saka
Start 4H i Todalen arrangerte laurdag haustfest nr 50 og markerte samtidig 50-årsjubileet for klubben under haustfesta i Todalen skule. Sjølv om haustfesta denne gongen konkurrerte med Sirkus SuSu i Idrettshallen samla dei bra med folk til fest og jubileumsfeiring.
Les heile saka
Forleden arrangerte Todalen Bondelag sitt årsmøte for 2017. Ola G. Kvendset som har vore leiar i nokre år, gikk heilt ut av styret, og ny leiar vart Ståle Ansnes. Ståle er ikkje ukjent med denne posisjonen, og har tidlegare sitte som leiar i ei årrekkje.
Les heile saka
I neste veke startar arbeidet med utbetring av vegen i øvre del av Falla (ved Kufallfossen), der noko av vegbreidda rasa ut i elva i vår. Fredag starta Per Gjeldnes Maskin arbeidet med å gjøre ferdig omkjøringsvegen, som skal gå i ei sløyfe om Tjønnmyra medan vegen i øverste del av Falla er stengt.
Les heile saka
Todalen Idrettslag vil gjerne at så mange som mulig av medlemmene registrerer seg som medlemmer i klubbens elektroniske medlemsregister. Todalen IL er pålagt å ha et elektronisk medlemsregister, og benytter i dag Klubbadmin, som er utviklet og driftet av Norges Idrettsforbund.
Les heile saka