Kløverturen siste måndagen i august var reint så triveleg: Mykje folk, godt ver, interessant guiding, snorklipping og kaffelag med mykje godt!
Les heile saka
Kløverturen siste måndagen i august var reint så triveleg: Mykje folk, godt ver, interessant guiding, snorklipping og kaffelag med mykje godt!
Les heile sakaTysdag 29. august er det ny balldag på Todalshytta – som tidlegare er det fritt val mellom sildball med stekt flesk og potetball med saltkjøtt som tilbehør. Serveringa startar frå kl 15:00 og går heilt fram til kl 20:00. Bestill gjerne på epost arve@todalshytta.no eller på SMS/telefon 929 97 550.
I dag hadde Todalen Idrettslag invitert til aktivitetsdag, og sjølv om vêrmeldingane ikkje var dei aller beste for, så vart vêret og oppmøtet på arrangementet ganske bra. Tretti ungar og ungdommar var med på lagseriestemnet, der det var lengde med og utan tilløp, kast av liten ball, sprang 60 meter og 400 meter.
Les heile sakaDenne helga – det vil seie frå fredag til og med søndag har det vore stor landbruksmesse i Stjørdal – næarare bestemt på Lånke. Det er Agrisjå som er arrangert av og for landbruket, og her har det vore vist produkt og ustyr, samtidig som landbruket har fått presentert seg sjølv. Her deltok det lokale firma som har produkt og tenester å by på for landbruket: Talgø Bygg i Todalen, Talgø Agrobygg i Bindal og Surnadal Håndverk – samlig er god nøgd med responsen, og har knytta mange nye bekjentskaper som dei skal jobbe vidare med.
Les heile sakaTysdag 29. august spelar Søya/Todalen sitt G 11-lag heimekamp på Bordholmen stadion klokka 18:00. Da kjem Surnadal G 11 på besøk, så da er det duka for eit skikkeleg lokaloppgjer! Båe lag har fleire todalingar på laget.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. august. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDen etter kvart så tradisjonsrike Søyacupen vart arrangert på Søyabanen i dag, og IL Søya kan notere nok ein vellykka cup i si historiebok. 69 lag spela 103 kampar, og rundt 400 ivrige fotballspelarar fekk ein fin fotballdag, der dei fekk med seg både gode fotballminne og premie heimatt.
Les heile sakaVi har lyst til å vise fram kva vi held på med, og sjølvsagt vil vi prøve å få med oss fleire. – Det er Turid Sættem Eggen som fortel at Surnadal jeger og fiskeforening (SJFF) driv med mange forskjellige aktivitetar, og denne laurdagen har dei aktivitetsdag i Svartvassområdet for å vise seg fram i meir unbant strøk enn dei valevis held på med sine aktivitetar.
Les heile sakaVille du likt at ein lokal politikar las dikt medan du åt lunsjen din? Vel, da kan Surnadal bibliotek vere plassen onsdag 30. august klokka 12:00. Da kjem nemleg representantar frå sju parti og les dikt på biblioteket i lunsjen din. .
Les heile sakaSøndag 27. august frå klokka 12:00 og litt utover ettermiddagen, inviterer Todalen Idrettslag alle i Todalen og Stangvik skulekrins til ein variert aktivitetsdag med mange aktivitetar på Bordholmen stadion. I tillegg til alle aktivitetane blir det open kiosk med sal av bakels med graut, pølser med brød, kaffe, brus, is og sjokolade. Det blir også eit dagslotteri med fine gevinstar!
Les heile sakaTirsdag 29. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Snøfjellet i Kvenndalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Kvendbøen og bomvegen oppe i Kvenndalen.
Les heile saka