Søndag 1. oktober inviterer Trollheimen Fjellsportklubb til motbakkeløp på Nordvik. Løypa er i underkant av 3 km og går opp veien du kjører når du skal på Nordviksula / Ytre Sula. Dette er et arrangement for både gående og løpende, store som små! Vi deler inn i to klasser, trim og konkurranse, står det i invitasjonen på klubbens FB-side.
Les heile saka
Todalen Idrettslag melder at setet på multitreningsapparatet på Hett & Svett er ødelagt. Det vil bli prøva å få sveisa setet, men om ikkje dette går, så må nye deler kjøpast, og det kan ta litt tid. Meir informasjon kjem etter kvart.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Vindøladalen torsdag 28. september. Oppmøte ved bommen på Holtamoen klokka 11:00 for samkøyring derifrå.
Les heile saka
Da er siste bøssa komen inn og oppteljinga etter Demensaksjonen i førre veke er ferdig – til saman kom det inn 141.365 i Surnadal kommune, der Surnadal Demensforening og helselag og Åsskard helselag har organisert innsamlinga.
Les heile saka
Siste måndagen i september vart ein retteleg finversdag; sol og landvind! Ideell dag for kløvertur i solvendt li.
Les heile saka
Frå tid til anna blir det etterlyst katter her på nettsida. Det kan være katter som har vore borte på vekesvis som blir etterlyst, og enkelte gong kjem dem fram att etter fleire vekers fråvær. I dag etterlyser vi ein katteeigar. Anders Karlsen observerete ei fin katte – kvit og orange – som vart observert i Romålia – i området mellom Øverskaret/Kjippå og Ora.
Les heile saka
Det er ledig stilling som reinhaldar i kyrkjene i Surnadal og på kyrkjelydshuset på Skei. Reinhaldsbehovet vil varierere, så ein må rekne med å få tildelt andre oppgåver der ein samarbeider med kyrkjetenarane.
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 27. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile saka
Torsdag 28. september klokka 18:00 inviterer Surnadal kunstforening til opning av medlemsutstilling i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus, der fjorten av medlemmane i foreininga stiller ut arbeida sine. Så her blir det mykje varierande og spanande kunst å få sjå.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 25. september. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Kaffelag, triveleg prat og basarstemning i Sanitetshuset – altså ein kjekk laurdagsettermiddag.
Les heile saka
Tysdag 26. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Sidan den planlagde turen sist tysdag til Tingvoll og Norskå «regna bort», prøver dei altså no på tysdag på nytt. Blir vêret like dårleg denne gongen, finn dei eit anna turmål på kort varsel.
Les heile saka