Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag inviterer til tur torsdag 10. juni. Turen går frå Sunna og opp mot Rindal sentrum.
Les heile saka
Stem på månandens bilete for mai
Sommaren er endeleg komme, både på kalenderen og i vêret. Det betyr også at vi skal stemme fram vinnaren av månadens bilete for mai.
Les heile saka
Triveleg tur i nærområdet
Sol, mild bris og akkurat passe heitt; ein riktig fin dag for kløvertur. Tur i nærområdet, men likevel nye plassar å utforske.
Les heile saka
Friidrett på Bordholmen onsdag 9.juni
Onsdag 9.juni klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til friidrett på Bordholmen stadion. Det blir lengdehopp med tilløp, stille lengde, kast av liten ball, 60-meter springing og 400-meter springing.
Les heile saka
Kløvertur til Flathaugen
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl 11:00.
Les heile saka
Loppemarked på Bordholmen onsdag
Onsdag 9.juni inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til loppemarked på Bordholmen frå klokka 19:00 – 20:00. Sidan det ikkje skal vere loppemarked under Todalsdagen i år, så inviterer Trimgruppa istaden til loppemarked onstag 9.juni. Det er «loppene» som er at frå dei tidlegare åra som no blir selt, så her er det mogleg å gjere eit «røvarkjøp».
Les heile saka
Søya/Todalen J10 med to kampar i Kristiansund
I går tok Søya/Todalen sitt J10 lag turen til Kristiansund for å spele to seriekampar på same dag. Første kamp var mot Frei, medan kamp nummer to var mot Nordlandet.
Les heile saka
Asle Beck og Todalshytta hadde vêrgudane på lag
Asle Beck og Eirik-André Rydningen rakk akkurat å runde av friluftskonserten på bakkan framfor Todalshytta før regnet meldte sin ankomst. Det er jammen ikkje mange kveldane i løpet av sommaren at ein kan oppleve så fine kveldar, og kan nyte eit musikalsk kulturprogram som hadde høve til i kveld. Det er heilt fantastik å kunne nyte så flott musikk, og samtidig kose i sommarkvelden.
Les heile saka
Elsykkel utleige i Todalen
I dag starta utleige av elsyklar i Todalen. Det er Todalen Grendalag som administrerer utleiga av dei fem elsyklane, som du kan leige. Syklane står på Matkroken Todalen, og må leverast der etter bruk. Syklane blir leigd ut i tidsrommet mellom klokka 10:00 – 20:00. Leigeprisen per sykkel er kr. 200,- pr. dag samt familie som kostar kr. 400,- pr. dag (inkluderer 3 syklar og sykkelvogn).
Les heile saka
Todalen Idrettslag treng grautkokarar
Todalen Idrettslag treng smørgrautkokarar for å koke graut når det skal vere open kiosk på Bordholmen stadion. Bortsett frå Todalsdagen er det nok med ein grautkokar til kvar kveld kiosken er open. Det ser ut til å bli mellom 5 – 10 kveldar kiosken vil vere open denne sesongen. Idrettslaget stiller med mjølk, smør og kveitemjøl. Ingrediensane får ein utlevert på Matkroken Todalen frå 2 dagar før.
Les heile saka
Politikontroll på Nordvik
I ettermiddag hadde mannskap frå Surnadal lensmannskontor trafikkontrollar fleire stadar i kommunen. Ein av stadane var på Nordvik. Her var det fart, belte- og mobilbruk som vart kontrollert.
Les heile saka
Skonnerten Ideal på Todalstur – du verden for ein flott båt
Fredag kveld kom skonnerten Ideal frå Kristiansund på besøk innovar fjordane, og gjorde snumanøver innerst i Todalsfjorden. Det var nok mange som spekulerte på kva ærende båten hadde, men vi trur at den rett og slett berre tok seg ein tur i det fine sommarvêret. Gradestokken balanserte utover dagen på rundt 30 grader i skuggen. og da var det nok godt å kome seg ut på bøljan blå og få litt avkjøling.
Les heile saka