No når sommaren har kome og gått, og hausten er på veg inn, er det på tide å kåre vinnaren av månadens bilete for august. Dei store varmeperiodane har også denne månaden uteblitt, men at det har vore nokre fine dagar er bileta vi har fått inn gode bevis på.
Les heile saka
Nok ei ny veke, med fleire kampar rundt om på stadionane.Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar. Vekas kamper er som følgende: MANDAG: G10Søya/Todalen 1- Surnadal kl 18 på Banksletta TIRSDAG: G10Søya/Todalen 2- Halsa kl […]
Les heile saka
Talgø/Kårvatn jaktlag har fått ei bra start på årets hjortejakt i Todalen. På to dagar har tre dyr vorte fellt, der dagens fangst står høgst i kurs i allefall for skyttar Ragnar Halle. Han fekk nemleg ein 11 taggar på post i Gammelseterdalen på Kårvatn. Det var i følge dei andre på jaktlaget stor jubel hos Ragnar då dei til slutt fekk leda bukken til posten hans. Talgø jaktlag har i år leidd jaktvaldet på Kårvatn, samstundes som de òg har eit vald i Rodalen.
Les heile saka
I dag har det vore arrangert Rindals cup på Trollbanen i Rindal. Søya/Todalen stilte med tilsaman 4 lag, i klassane G8/J8, G10 og G12. Banen bar tidleg på kast preg av all nedbøren som har vore den siste veka, så det var ikkje så mange reine fotballspelarar å sjå utover dagen. Men rindalingane hadde overmakta med seg, då vi fekk opphalds med til og med sol utover dagen.
Les heile saka
Førskommande laurdag er det oppstart på den populære strikkekaffeen som Todalen Sanitetsforening brukar å arrangere i Sanitetshuset. Alle nye og gamle strikkarar er hjerteleg velkomne til ein ny haus med sosialt samvær og litt kreativt handarbeide. Men arrangørane påpeikar at dette er eit ope arrangement for alle som har lyst, og handarbeid er ikkje påkrevd. Undervegs blir det servering av kaffe med noko attåt.
Les heile saka
Fredag vart den nye gravemaskina til Per E. Gjeldnes Maskin levert. Det er ein Volvo EW 140D, som er ein topp moderne hjulgravar. Den er levert med med roterande rototilt, som sammen med klype blir eit ypperleg utstyr for legging av steinmurar. Per Gjeldnes driv entreprenørfirmaet Per E. Gjeldnes Maskin saman med sonen Arne, og laurdag var dei i full aktivitet med montering av utstyr, og prøvekjøring ved verkstaden attmed Bordholmen.
Les heile saka
Etter at Eldrerådet i Surnadal sist onsdag var ferdig med sitt møte i Todalen og hadde fått omvisning på Gammelfabrikken, ble rådet invitert til høstsesongens første «eldremiddag» sammen ordfører Otnes og rådmann Haugen i kommunen. De dyktige kokkevertene våre hadde pyntet opp i Sanitetshuset med blomster og bordopp-dekking så det nesten minnet om en bryllupsfest, og serverte en førsteklasses «kjøtt og påsse» – middag fulgt av riskrem og kaffe.
Les heile saka
Om sommaren 2012 er den dårlegaste i manns minne er vi ikkje sikker på, men statistikken vi har fått frå Jon Bruset fortel oss iallfall at det har vore ein av dei dårlegaste somrane sia han starta med registrering av maksimum og minimumstemperaturar i 1990. Han har gjort ei oppteljing, og sommaren 2012 har berre 17 sommardagar i notatane hans. Ein sommardag er definert som ein dag der maksimumstemperaturen er 20 grader eller meir i løpet av døgnet.
Les heile saka
Todalen Elveeigarlag melder at dei er så godt som im mål når det gjeld årets stamfiske etter laks. Dei har no 5 hofiskar og 2 hanfiskar som er i god kondisjon og som er gentesta, men det er enno ønskjeleg med 2-3 hannar for å få større breidde i genmaterialet.
Les heile saka
Stavganggruppa i pensjonistlaget la torsdag 6. september turen til alpinsenteret i Sæterlia. Lisbet Ranes og Tor Mogstad stilte som lokalkjende turleiarar der dei opplyste om namn og fortalde historier på turen. Først gjekk vi til Tømmerhaugen, det nye bustadfeltet straks nedfor alpinsenteret. Etterpå losa Lisbet oss til Ropar´n, ein plass rett opp for Trudvang med utsikt over det meste av nerbygda
Les heile saka
Fredag kveld opnar Ole Mauseth utstillinga «Marmor og bronse» i Finstuå på kulturhuset. Det blir ei jubileumsutstilling både for kulturhuset og for Ole Mauseth, for det er 10 år sia han hadde utstilling i kulturhuset og utstillinga er eit av jubileumsarrangementa for Surnadal kulturhus. Denne gongen er det altså skulpturar han stiller ut, og det er første gongen at det er ei utstilling med berre skulpturar i Finstuå.
Les heile saka