Tradisjonar følgjer julehøgtida. Og ein av mange av desse ulike tradisjonane er for mange å ovevære julegudstjenesta i Todalen kyrkje på julaften. Tradisjon tru, på 23. året var det sokneprest Bernt Venås som sto for prekena. Og med organist Bernt Idar Bøe som hadde tilbragt rundt 20 av dei siste julekveldane som musikalsk ansvarleg for todalingane, vart det nok ei hyggeleg gudsteneste å sjå tilbake på.
Les heile saka
Vi i redaksjonen vil ønskje alle våre medlemar, lesarar og samarbeidspartnarar ei riktig god jul. Vi har fått eit triveleg og interessant reisebrev frå Oda Halle, som vi publisererer nedafor. Oda er saman med venninna på reise i New Zealand, og er no i hovudstaden Auckland. Ho har laga eit flott bildegalleri som viser bildeglimt frå opphaldet. Vi ønskjer dei to som er på reise ei god jul – og god tur vidare!
Les heile saka
Billettsalet til julerevyen «Romjulsdrønn» er godt i gang, og vi har hatt skikkeleg respons, seier Knut Bergli i Fotballgruppa til T.I.L som er arrangør. Som tidlegare annonsert blir det to visningar – kl 16 utan gjesteartistar og hovudvisninga kl 20 med gjesteartistar. Billettane er lagt ut for sal på Matkroken i Todalen.
Les heile saka
3. juledag er det godt å kome seg ut og få litt trim igjen, og kanskje treffe gamle kjente som du kan slå av ein prat med. Trimgruppa i Todalen Idrettslag inviterer alle til å bli med og delta, og byr på varm gløgg eller kakao. Gratis medalje til alle deltakarar – lotteri med flotte gevinstar. Start mellom 12.00 og 15.00.
Les heile saka
«Dagens bilde»-redaktør Mari melder om dårlege tider i bildearkivet. Ho har no snart bruka opp alle sine reserver for at vi skal få eit nytt «Dagens bilde» kvar dag. De må derfor hjelpe ho og sende inn bidrag framover. Bidrag sendes til red@todalen.no og merk dei gjerne med «Dagens bilde» i emnefeltet.
Les heile saka
Talgø AS ønsker alle sine bekjentskaper ei riktig god jul, på ein litt annerledes måte i år. Dei har valgt å støtte Leger uten grensers viktige arbeid for de som ikkje har det like godt som storparten av oss.
Les heile saka
Da har vi hatt trekning av masse fine premier for vår adventsquiz!
I alt var det ett 6o talls besvarelser som kom inn.
Les heile saka
Natt til mandag snudde sola – nærmere bestemt søndag 21. desember kl 23.03. Det er kanskje en overdrivelse å si at det snart er vår, men fra i dag går det ihvertfall i riktig retning. Her i Todalen vil det nok går noen uker før den på nytt kommer på sin første visitt, men det går ikke så lenge utover januar før vi ser at det blir lysere og lengre dager – og godt er det. Etter hvert vil solgangen øke 6 minutter hver dag, og i den farten øker daglengden med 1 time på 10 dager, så det vil da etter hvert monne bra.
Les heile saka
Surnadal Kulturhus har allerede store deler av vinterens program utover etterjulsvinteren klart. Og det er ikkje småtterier av allsidighet dei kan by surnadalingar og andre i dalføret tilgang på av kulturelle skattar. Først ut på nyåret er Onsdagstreff med Gunnvald Bøe 7. januar kl 13.30. Han vil snakka om språk og dialekter.
Les heile saka
Har du lyst til å prøve skiene, så er det fint føre og oppkøyrt løype frå Innerdalsmerket og oppover til Tristeinan, melder Arnt Ivar Brøndbo i Todalen I.L. Fint føre er det også i den nye lysløypa, men den er framleis utan lys så ein må nytte dagslyset eller bruke haulykt.
Les heile saka
Trur neppe det er lagt opp til konkurranse med den legendariske brua Golden Gate som går over San Franciscobukta, men slik er iallfall «hengebrua» i Brusetmarka etter at den vart pynta med lys. I bakgrunnen ser vi lysa frå Heggøyann, som vi hadde omtale om for nokre dagar sia.
Les heile saka
Da har vi fått julestemninga innover oss – iallfall vi som var på julekonsert i kyrkja med Todalskoret og Åsskard kyrkjekor søndag kveld. Dirigent Bernt Bøe hadde kalla konserten for “Julehøgtid”, og det vart ei skikkeleg høgtidsstund, med mykje flott song og musikk.
Les heile saka