Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stemningsfull messe av ungdommane

Bernt I Bøe Onsdag 22. april 2015

Søndagens «overhøringsgudsteneste» var nok annleis enn dei som besteforeldra hugsar frå si ungdomstid. Konfirmantane frå Stangvik, Todalen og Åsskard styrte det aller meste og skapte ei levande messe.

image

Som innleiingsdel vart skapingshistoria frå Bibelen framført som lesing (konfirmant Magnar) og illustrert med lysbilete, delvis laga av konfirmantane Marie, Elida og Eirik. Foto av natur, dyre- og folkeliv gjorde teksten nær og sterk.

image

Prest og organist overlet mykje til konfirmantane. Jens og Torstein leia liturgien og framførte dagens «preike» som livleg opplesing av ein dialog om hovudtrekka i den kristne trua. Ein del andre unge hadde mindre oppgåver – mellom anna som tekstlesarar. Også likningane om «Den barmhjertige samaritanen» og «Sonen som kom heim» vart illustrerte på videolerretet – begge med kunstferdige teikningar av nederlandske Kees de Kort.

image

Dei tre gitaristane Erling (Solem, konfirmant-pappa), Per Emil og Erik spela friskt til salmane i lag med pianist Bernt og bassist Torstein.

 

Mange deltok i nattverden. Takkofferet denne støtta Kyrkjeblad for Indre Nordmøre.

 

Og etter messa gjekk saft, kaffe og Grete si berømte sjokoladekake unna som berre det i Kyrkjestua!

 

Alle foto: Konfirmant Viktor.

Publisert: 22. april 2015, 19:39