Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forsvarsmuseet får eit målingsstrøk…

Jon Olav Ørsal Fredag 24. april 2015

Indre Nordmøre Forsvarsforening har sitt museum like ved Bygdemuseet på Åsen. Det er den gamle skulebygninga på Eidet som er teke i bruk som forsvarsmuseum, og som husar mykje gammel krigshistorie – mest frå den 2. verdskrigen. Fredag var det målardugnad, og 4 spreke pensjonistar hadde rigga til stillas og svinga målarkosten for å gi austveggen eit strøk med ny raudmåling.

Dugnadsgjengen_INF_6957

Dugnadsveteranar ved Forsvarsmueet på Åsen. Frå venstre Ottar Gravvold, Kristian Ellevseth, Kristian Henden og Olav Jostein Holten. Foto: Jon Olav Ørsal

-Vi tek ein vegg kvart år, og da klarar vi å halde forfallet unna, fortel Olav Jostein Holten, som er leiar i Indre Nordmøre forsvarsforening. Men seg har han Kristian Henden, Kristian Ellevseth og Ottar Gravvold som svinga målarkosten og ga nytt liv til austveggen.

Museet er i dag ope på bestilling, fortel Olav Jostein, og minner om at det 23. mai skal være open dag ved museet. Da kan alle som har lyst kome og sjå kva dei har å vise fram og dermed få ta del i krigshistoria i Surnadal.  Han fortel og at museet har god kontakt med ungdomsskulen som brukar forsvarsmueet i undervisninga om lokal om den lokale krigshistoria. Han blir litt ivrig når han fortel om museet, og minner oss på at det er viktig å ikkje glømme krigshistoria. -Den skal være med og minne oss om det som har skjedd og kor viktig det er at i har freden og at krigshistoria ikkje skal gjenta seg.

Publisert: 24. april 2015, 15:49