Det var kommentarane til Svanhild Kvendset som oppdaga at det var eld laus i heimen hennar og ektemannen Ola. Svanhild fortel at det var vakne tidleg, men at dei oppdaga at det var unormal røyklukt på soverommet. Svanhild stod opp og var ned i 1. etasjen og der var det meir røyk. På tur ned lofttroppa løyste røykvarslarane ut og det vart eit forferdeleg leven.
Les heile saka
Det brenn akkurat no på Ørmo i Ørsalbukta. Bebuarane er teke hand om og flytte til eit nabohus. Det lokale brannvesenet var raskt på staden og fekk etter kvart forsterkningar frå Surnadal Brannvesen. Brannen vart fort sløkt, men blussa opp att etter ei lita stund. Brannen er no sløkt, men ettersløkking pågår.
Les heile saka
Vi hører rett som det er at det blir gjort framskritt og positive testresultat frå dei som driv og utviklar koronavaksine. Vi høyrer og at regjeringa har «hengt seg på» og kjøpt vaksinar som dei skal tilbyd det norske folk heilt gratis, slik at den som vil skal få ta ei vaksine. Det blir no forska og testa for fullt, og det er antyda at dei første dosane med vaksinar kjem ein gong utpå nyåret. Måndag 30.11.2020 la surnadal kommune ut informasjon om korleis dette omfattande vaksinasjonprogrammet vil bli organisert og gjennomført:
Les heile saka
Med bare nokre timar ígjen av november slepp vi laus kåringa av månadens bilete, for årets nest siste månad. Det er mange fine fotografi å velge mellom denne gongen også
Les heile saka
Sjølv med strenge reglar for å hindre koronavirusets spreiing, vart det ei flott og stemningsfull julegrantenning. Eit førtital møtte opp for å delta på julegrantenninga, sjølv om arrangementet var noko amputert og uten gang rundt juletreet. Likevel trur eg folk trivdes og tykte det var koseleg og treffast for å feire ting i lag.
Les heile saka
No tek kløverturen juleferie. Siste kløverturen i 2020 var lagt til Tjønnmyrane. 15 deltakarar gjekk tur og avslutta sesongen med triveleg samling i gapahuken. Men over nyttår blir det nye turar.
Les heile saka
Nordvik Grendalag minner om den digitale basaren. Siste dag for loddkjøp er 3. desember.
Nordvik Grendalag melder at i år blir førjulsbasaren på Nordvik digital. Ein kan alt kjøpe lodd ved å VIPPSE til 98505. Prisen for eit lodd er 50 kroner. Det er viktig å skrive namn på meldinga når ein vippsar. Loddsalet har alt starta, og ein kan kjøpe lodd fram til 3. desember. Trekking ved styret Grendalaget i 7. desember.
Les heile saka
Todalen Idrettslag sender i desse dagar ut Medlemsinfo til sine medlemmer. Dette kjem i postkassen i løpet av helga. Her ber idrettslaget alle medlemmer om å sende inn epostadressa si. Dette for å lette arbeidet med å sende ut medlemsinformasjon og medlemskontingent. Så idrettslaget håper på god respons frå sine medlemmer på dette! Medlemmer som bor utanfor bygda blir spesielt oppfordra om å registrere epostadressa si!
Les heile saka
8. klasse ved Surnadal ungdomsskule har hatt spanande dagar med leirskule på det gamle fiskeværet Bjørnsund utafor Bud. Heile det 9. årstrinnet reiste utover sist måndag og hadde tilhald på leirskulen i det gamle fiskeværet til fredag. Det vart travle dagar frå 8 om morgonen til kl 17 om ettermiddagen – og sjølvsagt ein bratt læringskurve når dei både skulle lære og prøve «livet i fjøra» i løpet av veka.
Les heile saka
Knut Bergli i Barne- og Ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag informerer om at det frå klokka 14:00 i ettermiddag blir mogleg å gå på skeiser på Todalen Idrettslag sin skeisebane på Bordholmen stadion.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 30. november. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Samling ved gapahuken oppe på Tjønnmyran ca. kl 11.15.
Les heile saka
Da er det klart for årets happening, skriv Brusetmarka vel i sin invitasjon til tenning av julegrana i Trudvangkrysset. Det skjer måndag kveld 30. november, kl 18:00 og dei byr på enkel servering. Sjølvsagt er arrangementet tilpassa smittevernreglane i kommunen i samarbeid med kommuneoverlegen – men vi gjer det beste ut av det, seier arrangøren.