Her kjem kåringa av månadens bilete for mars.
Les heile saka
Her kjem kåringa av månadens bilete for mars.
Les heile sakaÅrets påskekrim på Todalen.no er ved vegs ende, og i år som tidligare kom det inn mange kreative forslag til kven som var skurk og fantstav.
I årets påskekrim var det store spørsmålet kven som har teke sjølvaste Innerdalsmerke-skiltet og brote seg inn i Ungdomshuset. Mellom anna.
Ifølge svara som vart sendt inn til redaksjonen, så mangla det ikkje på lokale personar som både hadde motiv og var i stand til å utføre ei slik ugjerning.
Sjølv om vèrgudane ikkje akkurat har vore i godlune denne påska, så vart Trimruppa i Todalen Idrettslag sin «Gunnøydilten over fire dagar» ein stor sukksess, med totalt 285 registrerte deltakarar frå torsdag – søndag. I tillegg var det mange som tok den fine turen i Toåa tursti utan å registrere seg via QR-koden. Dei fleste tok turen på laurdag, og dette har nok direkte samanheng med vèret. Eit prisverdig tiltak frå Trimgruppa i ei påske, der nær alle andre arrangement var avlyst på grunn av koronaen.
Les heile sakaPåska 2021 nærmar seg slutten med god glid. Fleire sendte inn svar i løpet av gårdagen, så her kjem både løysing og vinnar av todalen.no. Epilog Styreleiar Husby klikka seg inn med lette tastetrykk. No skulle statistikken for påskeveka bli sjekka. Hadde forsøka hans med å skape litt blest og toppnyheiter fungert? Yes! Nøgd kunne […]
Les heile sakaDet er sagt at saulamminga er vårens vakraste eventyr, og jammen er det stor stas med nytt liv i fjøset. I Oppistua på Hjellnes er ikkje saulamminga komen i gang enno, men derimot har det vorte mange kje å kose med. Nils Erik tek oss med på omvisning i gammelfjøset dei dei 5 geitene av rasen kystgeit held hus, og der er det full rulle med eit tital geitkje som held aktiviteten i gang.
Les heile sakaSjølv om alle gudstenester, med fysisk oppmøte, er avlyst denne påska, er det mogleg å få med seg lokale høgtidsgudstenester digitalt. I tillegg sender NRK gudstenester både på TV (NRK!) og i Radio (P1) no klokka 11:00.
Les heile sakaVi er ved del 4, og forfattaren meiner at etter denne delen skal du kunne kvalifisere til å «stjøtt på» kven eller kva som står bak det merkelege som skjer denne påska. Hugs at det er eit krus i premiere. Ja ikkje til Karibien eller Miami, men eit meir korona og varm drikke-venleg eit merka […]
Les heile sakaFrå torsdag 1.april til og med søndag 31.oktober er det bandtvang for hund i Surnadal kommune. Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1.apil – 20.august, men Surnadal kommune har eiga forskrift om bandtvang som inneber at bantvangen her i kommunen gjeld i perioden 1.april – 31.okotber. Dette betyr at hunden i denne perioden skal vere i band, forsvarleg inngjert eller vere innestengd. Somme unntak gjeld for jakt- og gjetarhundar, samt toll- og politihundar, når desse er i aktiv teneste, Bandtvangen er regulert i Lov om hundehald (Hundeloven) § 6, og i Surnadal kommune si forskrift om Bandtvang.
Les heile sakaI del 3 av påskekrimmen står vårteikna i kø. Men la deg ikkje bli bedøvd av pollen og søget frå Toåa, for skal mysteriet bli oppklart må alle sanser vere like krystallklår som ein Halling teke av vinden. Dette har hendt: Full forvirring mellom kjerringar av alle kjønn då det ikkje er fastsett noko idealtid […]
Les heile sakaTakstmann Nils Håvar Øyås AS er i sterk vekst om dagen, og i den siste tida har det skjedd mykje spennande i firmaet til Nils Håvar Øyås. No er dei på flyttefot og på veg inn i nye lokaler på Landbrukshuset i Svartvassvegen 2 i Surnadal.
Les heile sakaVed midnatt, natt til skjærtorsdag, starta Trimgruppa i Todalen Idrettslag sin «Gunnøydilten over fire dagar». Så langt er det mange som har teke den fine turen langs Toåa tursti og som har registrert seg via QR-koden som er opphengt på oppslagstavla ved gapahuken ved Båthølen. Dei som registrerer seg er med i trekninga av fine premiar. Trekninga skjer måndag 5.april og blir kunngjort her på Todalen.no. Siste frist for å ta turen og vere med i trekninga, er søndag kveld den 4.april.
Les heile sakaDet er klar for del 2 av påskekrimmen. I dag med nystekt rapport frå Skihytta og fakta du ikkje viste du trong om familien Lægreid. Dette har hendt: Fleire pike – og gutterom står tom denne påska, og støvlaget legg seg på idrettsmerke frå lagseriestemne, premiar frå Småtrollcup og plakettar frå 4H. Tursti it´s the […]
Les heile saka