No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 28. oktober og tysdag 29. oktober. Det er mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]
Les heile saka
Historia engasjerer bygdefolket
Det var godt oppmøte og stort engasjement på temamøtet om stadnamn langs Toåa eller Storelva som mange seier. Det var Todalen historielag som inviterte til temamøte eller nærare sagt arbeidsmøte, der det var høve til å studere kart og avisutklipp som var lagt ut på borda. Leiar i historielaget, John Moe, var imponert over det gode frammøtet, og håpa å få mange namn på kart og bilder som var lagt ut på borda.
Les heile saka
Triveleg føremiddag med både lunsj og KløverRUSLEtur
Sol frå skyfri himmel og vindstille – ein topp dag for Rusletur og Kløvertur på Kvennsetørå. Etterpå var det lunsj i Sanitetshuset, mykje folk og god stemning rundt borda.
Les heile saka
Minner om internasjonal bygdekveld i Storstua
I samband med innsamlingsaksjonen som i år går til CARE minner vi om den Internasjonale bygdekvelden i Storstua på kulturhuset tysdag 15. oktober kl. 18. Arrangementet er gratis og bys på mykje god underhaldning – mellom anna koret WOX og kulturskulen som byr på mykje song, musikk og dans. Lotteri med mange flotte gevinstar frå lokal bedrifter og privatpersonar.
Les heile saka
Oldtidsfunn – problem for parkeringsplass ved kyrkja?
Vi kjenner til at det er planlagt ny parkeringsplass ovafor kyrkja. Den er tenkt som eit supplement til dagens parkeringsplassar framfor kyrkja og mot Husbygeilen. I dag starta gravinga for å undersøke om det er skjulte oldtidsfunn i området for den nye parkeringsplassen.
Les heile saka
I kveld: Temakveld om namn langs Toåa
Måndag 14. oktober kl. 19:00 inviterer Todalen historielag til temakveld kveld i Todalen ungdomshus. Denne kvelden er det namn langs Toåa som er hovudaktiviteten, men det blir vist mykje bilder på storskjerm og i fotoalbumar, så det kan eigentleg bli litt tå kvart denne kvelden, seier leiar i historielaget John Moe. Vi er rett og slett ute etter å skaffe oss info om ting som vi ikkje veit nok om.
Les heile saka
Julegåver til Estland
Heilt sidan 2010 har Todalen sanitetsforening sendt julegåver til Estland. Dette er eit samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg, og dei dreg til Estland med julegåver 22. oktober.
Les heile saka
Inn til 5. plass i sin klasse på NM i terrengløp
Erik Kårvatn reiste til Oslo og Frognerparken med håp om å bli mellom dei 10 beste i sin klasse i NM i terrengløp. Erik deltek for Rindal I.L. og det er klasse G16 vi her snakkar om, og løpet var på 4 km – 2 x 2 km.
Les heile saka
Hausttakkefest med markering av dåp, konfirmantjubileum og 6-årsbok
Det var stor aktivitet under dagens gudsteneste i Todalen kyrkje. Kyrkja var pynta til hausttakkefest med frukt og grønsaker for å markere at innhaustinga er ferdig. Elles var det både dåpshandling, markering av 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1969 og ikkje minst utdeling av 6-årsbok.
Les heile saka
Trivselskveld på Thon hotel Surnadal.
Onsdagskvelden 30.10. kl 19.00 arrangerer Surnadal Pensjonistlag trivselskveld på hotellet. Det blir enkel middag (oksesteik m/grønsaker) og kaffe, før vi samlast på Gladlaxen for å dansa til Trond Larsens kvartett. Vi trur det blir triveleg!
Les heile saka
Samla konfirmantane til 50-årsjubileum
Laurdag kveld inviterte soknerådet til konfirmantfest og jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå 1969 som var spesielt invitert. På menyen stod det svinegryte med potetstappe, og etterpå vart det servert kaffe og kaker.
Les heile saka
Måndag blir det lunsj i Sanitetshuset, men først KløverRUSLEtur.
Todalen sanitetsforening inviterer måndag 14. oktober eldre og godt vaksne i bygda til lunsj i Sanitetshuset kl. 12.00. Det blir eit enkelt måltid med tid til å prate og hygge seg rundt borda.
Les heile saka