Surnadal Hagelag markerer «Den store hagedagen» med planteloppemarked i tunet på Åsen bygdemuseum lørdag, 11. juni kl. 13.00. Det blir salg av kaffe og vafler, og mulighet til å besøke hovedutstillingene på museet og Røykomnsstua. Museet er åpent til kl. 15.00.
Les heile saka
Det er tydeleg at vandring i lokalhistoria er populært for folk som har levd ei stund. Denne gongen var det vegane i Åsbøhauan og innover til Sjøleet, og vidare ned til Sjøtrøa som var tema da Nordvik Grendalag, Stangvik historielag og Todalen historielag inviterte. I det fine vêret var det rundt 50 deltakarar som møtte ved Åsbøsommarfjøset, for å bli med på vandringa som starta i Åsbøhauan, og gjekk etter gammelvegen opp til Åsbøen
Les heile saka
Ein litt småkald vår har ført til at det har teke tid å få fart på rododendronblomstringa i Svinviks Arboret. No er imidlertid blomstringa komen i gang for full, og jammen er hagen med all sin blomsterpryd eit syn som er verdt å få med seg. Arboretet minner også om at dei har ope 2. pinsedag til vanleg tid 11:00 – 16:00 – elles er den ordinære opningstida for arboretet onsdag til søndag, og alle dagar frå kl 11:00 – 16:00
Les heile saka
Måndag 6. juni (2. pinsedag) klokka 13:00 inviterer Nordvik grendalag, i samarbeid med Todalen historielag og Stangvik historielag, til kulturvandring langs gamlelvegen i Åsbøhauå. Vandringa startar frå Åsbø gard/Åsbøsommarfjøset og går ein runde nedover Åsbøhauan.
Les heile saka
Akkurat no går French Open av stabelen i Paris, der nordmannen Casper Ruud søndag spelar finale mot Rafael Nadal frå Spania. Også på Bordholmen er det «topptennis» denne helga. Ole Magnus og Olaus er glade i å spele tennis, og nyttar høvet til å spele når dei er på besøk i Todalen og vêret tillet dette!
Les heile saka
Måndag 6. juni (2. pinsedag) er det meldt fint vêr og sol! Slettneset steinovnsbakeri inviterer difor til open kafé frå klokka 12:00 – 16:00. Her kan dei freiste med god kaffe og nybaka kaffebrød. Så da er det berre å ta turen til Slettneset for formiddagskaffe på måndag!
Les heile saka
Når Todalshytta opna 1. juni, var Sunniva på plass i restauranten og på kjøkkenent. Sunniva Hegg-Lunde er frå osterøy, men har gått på Nordmøre Folkehøgskule i vinter. No i sommar skal ho tene til livets opphald på Todalshytta fram til utgangen av juli.
Les heile saka
Matkroken Todalen melder om ei lita endring i opningstida i pinsehelga. Medan pinseaftan (laurdag) har ordinær opningstid 9:30 – 16:00, så er butikken stengt på 1. pinsedag (søndag) og så er det kioskope 16:00 – 18:00 på 2. pinsedag (måndag). Drivstoffanlegget til HalsOil er ope heile helga, heile døgnet, for kortsal av drivstoff.
Nordmøre Forsvarsforening inviterer til dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen laurdag 18. juni klokka 10:00 – 16:00. Det er planlagt å få måla vêrveggen, samt å vaske og rydde innvendig. Anna forefallande arbeid kan også bli akruelt.
Les heile saka
27 personer stilte opp på vandring langs Toåa i dag, skriv Svein Tjelle i stavganggruppa til Surnadal pensjonistlag. Dei starta ut frå Bruset, og gikk innover langs elva til gapahuken i Fosstrøinn, og vidare innover til Phillipstavla i Hafallmelen og vidare langs elva til Ner-Nesset.
Les heile saka
Tysdag 7. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til det dei kallar ein «Stastur»! Da går dei nemleg trekanten frå Skeisnebbparkeringa over Salen og til Ranessetra.
Les heile saka
Endeleg er vi klare til å ta imot gjester i «kammerpike Edits Spiseri», seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta. – Dette har vi gledd oss til lenge no, og frå 1. juni er restauranten open for spisegjestar. Det vil seie at restauranten er open onsdag til søndag
Les heile saka