Todalen Idrettslag og Todalsdagen er så rause at dei kvart år gir bort startkontingenten frå mosjonsløpet Ræta Opp, som blir arrangert i samband med Todalsdagen. I 2021 var det Blodbanken i Kristiansund som kunne nyte godt av denne givergleda, og heile startkontingenten på 16.300 kroner gjekk dit. Det var stor glede i Blodbanken, og Randi S. Tømmervåg og Elisabeth Sandvik var på Bordholmen under Todalsdagen – for å promotere Blodbanken.
Les heile saka
Torsdag 19. januar klokka 19:00 inviterer kyrkja i Rindal og Surnadal til «inspirasjonssamling» på kyrkjelydshuset på Skei. Dit kjem Øyvind Ulland Eriksen frå Det norske misjonsselskap.
Les heile saka
«Tjuandedag-Knut driv jula ut», heitte det frå gamalt av. Opphavet for «knutsdagen» var drapen på den danske prinsen Knut Lavard, som vart drepen 7. januar i 1131. Etter at han døydde fekk han helgenstatus. «Knutsdagen» 7. januar var i fleire hundre år den første kvardagen etter julefeiringa, men frå rundt 1680 vart «knutsdagen» flytta til den 13. januar, altså tjuandedag jul, og markerer den offisielle slutten på julefeiringa.
Les heile saka
Det har i lengre tid, og spesielt i vinter, vore mykje snakk om at det er straumkrise i Norge. Det har også vore snakk om å innføre rasjonering på straum i deler av landet, men dette ser det ut til at det ikkje blir noko av, i alle fall ikkje denne vinteren. Men Norge treng meir straum for å dekke det framtidige straumbehov.
Les heile saka
Dei siste dagane med mildvêr har gjort at det no er ein del isklumpar, som med jamne mellomrom, dett ned i vegbanen utover stranda og mellom Svinvika og Nordvik. Somme av isklumpane blir liggande slik at dei er til hinder når ein møter andre bilar, og dei kan vere vanskeleg å få augo på når ein møter andre bilar.
Les heile saka
Surnadal kommune melder at du no kan «hoppe på» og bestille koronavaksinering eller influensavaksinering til fredag 13. januar. Influensavaksina kostar 265,- kroner, og her er det «først til mølla prinsippet» tsom gjeld, opplyser kommunen.
Les heile saka
Unni Boksasp trakk full sal i Bondehuset i Stangvik da ho hadde urpremiere på sitt nykomponerte Draumkved. Det er laga fleire versjonar av musikken til Draumkved, men Unni er første folkemusikaren som har laga ny musikk til dei gamle tekstane, for historia om Olav Aasteson si draumeferd er nemleg den same.
Les heile saka
Todalen Idrettslag inviterer til volleyball i gymsalen på Todalen skule i kveld, tysdag 10. januar, klokka 20:00. Så har du lyst til å vere med å spele litt volleyball framover vinteren, så må du ta turen til gymsalen no i kveld!
Les heile saka
Etter nokre veker med «juleferie», så inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag igjen til balleik i gymsalen på Todalen skule torsdag 12. januar mellom klokka 18:00 – 19:00. Balleiken er for alle barn i grunnskulen, altså 1. – 10. årstrinn.
Les heile saka
Siste månadsvinnar for 2022 er klar, og det var Ingri Bruset med bilete Haustsol over bygda som stakk av med sigeren for desember. Seinare i månaden kjem den store kåringa for årets bilete 2022.
Les heile saka
Etter snøvêret i nyttårshelga har det vore relativt fine vintervegar, men med litt vind og rennfokk innimellom. Laurdag kom mildvêret og dermed vart det blankis og glatte vegar. På dei asfalterte vegane er det stort sett bart, men gardsvegane deimot har vore nærast blankpolerte.
Les heile saka
Torsdag 12. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til ny sesong med trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka