Førstkommanda fredag, den 6.august, mellom klokka 13:00 – 17:00, er det igjen duka for ope gardsutsal hos Lia gard, etter ferien. Så da blir det igjen høve til å kjøpe noko godt til helgakaffen!
Les heile saka
Førstkommanda fredag, den 6.august, mellom klokka 13:00 – 17:00, er det igjen duka for ope gardsutsal hos Lia gard, etter ferien. Så da blir det igjen høve til å kjøpe noko godt til helgakaffen!
Les heile sakaSøndag trefte vi Ole Martin Øyen i Oddøyhølen – han kom nærast «flytande på ei fjøl» forbi, og kom opp av elva for å ta ein liten pause. Han var utstyrt med dykkardrakt, snorkel og dykkarbriller, og var ut på oppdrag for Todalen elveeigarlag – og var spesielt på utkik etter pukkellaks.
Les heile sakaErik Kårvatn er framleis på hugget og klarte i dag å sikre 10.-plassen i sin klasse under det 16 km lange løpet. Dagens løype var korta ned på grunn av sterk vind i den Italienske fjellheimen, og det var kanskje ikkje nokon fordel for Erik, men han viste musklar og hadde ein sterk spurt inn til mål. Dermed var 10.-plassen i sin klasse sikra blant dei 27 deltakarane i yngste klasse.
Les heile sakaKlokka 1:43 i natt fekk operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt tips om mogleg promillekøyring i Todalen. Ei politipatrulje kom raskt til staden og fann ein bil som hadde hamna utanfor vegen, like ved Øyabrua på Pilskarvegen. Den mistenkte sjåføren vart funnen gåande få hundre meter frå ulykkesstaden.
Les heile sakaI morogn, søndag 1.august, er det open gard hos Oppistua Torvik i tidsrommet 11:00 – 16:00. Bondepikenes kafe vil vere open under heile arrangementet. Det vil og bli mogleg å få vere med på foring av dyra, klapping av dyr, ri, ta ein tur i «mini-traktor»-parken, bli med på tradisjonelle leikar i tunet samt å teste snekkarkunnskapane sine i snekkarbua.
Les heile sakaNeste helg blir Norsk Vandrefestival arrangert i Rindal. Festivalen tek til fredag 6.augst og varer til og med søndag 8.august. Dette er den 11. utgåva av Norsk vandrefestival, og vart sist arrangert i 2019. Årets utgåve går altså føre seg i Rindal, og har eit varierert og innhaldsrikt program. Tema for årets festival er historie, og festivalen vil difor ha eit eige «vikingmarked».
Les heile sakaI dag er det siste dag for fiske etter sjøaure i Toåa. Siste fastsetting av fisketider i direktoratet reduserte fisketida for sjøaure slik at fisket starta 15. juni og sluttar 31. juli kl 23:59. Dette er nytt av året, tidlegare var det same tid for sjøaure og laks – nemleg 15. juni til 15.august. Når […]
Les heile sakaDet er no temmeleg nøyaktig 12 år sia Todalen.no såg dagens lys. Det var 24. august 2009 at Ole Petter Talgø la ut den første saka om «Todalen på nett». Ole Petter var arkitekten som sørga for web-design av den første nettsida med adresse www.todalen.no. Nettsida vart til som eit resultat av at Todalen I.L. laga ei eiga jubileumsside til sitt 100-årsjubileum i 2008 – den heitte www.todalenil.net og var operativ i jubileumsåret. I neste omgang vart det jobba med eit permanent opplegg for ei slik side i «Bygdemobiliseringsprosjektet Godt mot». Ei nettside for bygda var eit av fleire prosjekt i denne samanheng – og drog med seg støtte til nettsideprosjektet med knappe kr 30.000.
Les heile sakaErik Kårvatn gjorde innfridde forventningane da han tok ein 7. plass i sin klasse under Skyrunning VM i Fonte Cerreto, L’Aquila i Italia i dag. I dag var det vertikal som stod på programmet, og det var motbakkeløp i ordets rette forstand. Løypa starta på rundt 950 m.o.h. og gjekk 1000 høgdemeter rett opp lia i ei løype på 3,5 km. Dette er ei ny øving for Erik, og det vart ikkje betre av at det var 33 varmegrader i bakkane opp mot målområdet. Trym Dalset Lødøen kom på 3.-plass og vart beste norske deltakar.
Les heile sakaSjølv om det ikkje akkurat har vore «kinovêr» i det siste, så kjem det no nokre dagar med nedbør og lågare termperaturar. Så da kan det kanskje passe med ein film som har norgespremiere i dag? VG konkluderer med «dårlig smak i verdensklasse» om filmen som har premiere på Surnadal kino fredag 30. juli. Og da er det positivt meint frå avisa… Filmen det gjeld er «I onde dager»
Les heile sakaFredag morgon var Svorka på pletten for å skifte ut trafo ved Vestrum/Talgø gård, etter at lyn og torden herja i går kveld. Dette slo ut straumforsyninga til basestasjonen for internett på Talgøsetra/Reiret. Dermed vart også Kårvatn utan internettkontakt i natt.
Les heile sakaVi har fått informasjon om endringar i opningstidene ved biblioteket på kulturhuset på Skei. Grunna budsjettkutt, må kulturavdelinga spare pengar på inneverande budsjett. Kultureininga i Surnadal kommune har vorte pålagt, etter måten, store innsparingar dette året. Mellom anna er ei av stillingane ved biblioteket redusert. Ein av konsekvensane av dette er at biblioteket vil ha langt mindre på lønsbudsjettet frå august av, noko som inneber redusert opningstid for biblioteket på kulturhuset.
Les heile saka