Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt nytt for pendlarane – siste avgang frå Rykkjem blir utsett

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. januar 2024

Som kjent foregår det arbeid på fergekaia på Kvanne, eit arbeid som fører til at siste avgang frå Rykkjem går klokka 22:05, ei avgangstid som gjer at pendlarane har store problem med å nå ferga, eller rettare sakt, ikkje når den. Da er alternativet å køyre om Kanestraum – Halsa, noko som forlengar turen med fleire mil og tek mykje lengre tid. 

Les heile saka

Det er nokon som har det verre enn vi!

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. januar 2024

Handelsmann Nordvik sitt med Adresseavisa for 3. januar, og les om Joker Røyrvik som gikk konkurs ein av dei siste dagane før jul.  Handelslekkasje er ein av grunnane til konkursen, men i fjellbygda Røyrvik er også grensehandelen eit problem.  Røyrvik har i overkant av 400 innbyggarar, og hadde berre ein butikk, så når den gikk konkurs mista dei egentleg alt – butikken, medisinutsal og posten – i tillegg til eigedomsselskapet for butikklokalet.  Strakshjelpa frå Røyrvik kommune var å sette opp buss til Namsskogan, slik at folk skulle få handle til jul.

Les heile saka

Landvindsvêr: – Rokk og fokk og is

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. januar 2024

Dei siste dagane har det vore landvind med fokk og rokk – gradstokken viser i dag 5 kuldegrader, men vind gjer at det kjennes som 11 kuldegrader skriv yr.no i si vêrmelding.  Ein liten rundtur i dag tidleg viser oss at det faktisk er slik.  Og vind skal det bli i fleire dagar, så vi får berre være glad at ikkje all snøen er laussnø – da ville det bli skikkeleg snøfokk.   I meldinga til yr.no er det meldt vind i 5 m/sek og med 15 m/sek i kasta. 

Les heile saka



Godt nyttår! …. og takk for det gamle!

Jon Olav Ørsal Sundag 31. desember 2023

Når vi står ved inngangen til eit nytt år, så er det naturleg å stoppe opp og sjå seg tilbake.  Vi i Todalen.no har lagt ut 1018 saker så langt i 2023. Det er omtrent det same talet som i 2022, og viser vel at vi henger godt med, når vi no siktar oss inn mot det nye åreet 2024. Vi har i gjennomsnitt 12-1300 besøk på sida kvar dag, og det viser at det er stor interesse for både store og små nyheiter frå Todalen – langt utom Todalens grenser!

Les heile saka


Konvoi på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. desember 2023

Dei «Bukkene Bruse i badeland» okkuperte det meste av kinoframsyningane til Surnadal kino i romjula, men no får alle sjansen til å sjå den særs kritikarroste norske krigsfilmen «Konvoi» Filmen tek for seg eit katastrofalt militært feilgrep frå 2. verdskrigen, der ein konvoi av transportskip på veg frå Island til Murmansk får ordre om å splitte seg opp og gå på eigen hand vidare.

Les heile saka

Tømmekalenderen for januar og februar lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. desember 2023

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for januar og februar 2024 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. 

Les heile saka

Julequiz med kamp om poenga

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. desember 2023

Femte juledag inviterte Todalshytta til julequiz, med Sondre Halset og Mari Redalen som quizmastrar.  Det var bra deltaking og det vart ganske fort ein hard kamp om poenga og jamnt i teten.  I runde i quizen relatert til julen, medan dei tre neste omgangane vart kalla blandadrops med nøtter.  

Les heile saka