Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Og storkamp vart det!

Elinor Bolme Torsdag 2. juli 2015

Dei gamle er fortsatt eldst, og dei minste er fortsatt lettast. Både i kroppen og på foten. Det var vel dei fleste enige i etter at Bøfjorden «sjokkåpna» med 0-1 mot Todalen på Bordholmen stadion i går kveld. Her var mange års fotballerfaring samla til venskapleg kamp, som naturlegvis vart dødens alvorleg.

Les heile saka

Fin og triveleg kveld i arboretet

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. juli 2015

I juli er det langope fram til klokka åtte i arboretet på onsdag. Heldigvis vart det godver første kvelden, og det var godt å sitje ute og nyte gode kaker og god drikke! Litt sol, fargerike og fine blomstrar og god duft, ein nydeleg kveld! Kveldens vertskap var Ida Andrine  og Toril. Dei serverte svele […]

Les heile saka


Søyacup 2015

Elinor Bolme Onsdag 1. juli 2015

Så langt har IL Søya 30 påmeldte lag fra 11 ulike klubbar til Søyacupen som går av stablen laurdag 22. august. Påmeldingsfristen er på langt nær ute, og arrangørarane reknar med å komme opp i bortimot 60 påmeldte lag til slutt, som tidlegare år.

Les heile saka

Fredag kveld: Jonsvake med todalstonar i Åsskard kyrkje

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. juli 2015

Fredag kveld er det «Jonsvake» i Åsskard kyrkje, med Åsskard kyrkjekor som arragør. Det blir ein kveld med mykje song og musikk – mellom anna folketonar frå Todalen og slåttar etter spellmannen Hallvard Ørsal. Jonsvaka startar kl 22.00 og utover mot midnatt.

Les heile saka

Ragnar takka av etter 30 år på butikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. juni 2015

Tysdag ettermiddag runda Ragnar av sin yrkeskarriere, og vart heilttids pensjonist. Sidan 1985 har L. Hals vore arbeidsplassen for Ragnar, berre nokre månader etter at butikken på Kvennset vart teken i bruk. – No skal det bli betre tid til alt som eg ikkje har fått tid til tidlegare, og så vil eg bruke meir tid til å sjå meg rundt og dra på turar – både korte og lange seier den nybaka pensjonisten.

Les heile saka

Sommaravslutning, og avskjed…

Elinor Bolme Tysdag 30. juni 2015

I barnehagen var det i går ei lita markering på at sommarferien snart er komen, og at heile seks ungar no sluttar, for å bli skuleungar. Foreldra til dei som no sluttar hadde med litt kaffebrød og barnehagen ordna med nystekte bakels, saft og kaffe. Veret held seg berre slik passe, så selskapet flytta innomhus etterkvart.

Les heile saka

«Landskamp» mot Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Måndag 29. juni 2015

Onsdag kveld – 1. juli kl 19.00 – er det klart for tidenes oppgjør mellom Todalen og Bøfjorden. Begge laga samler alle dei beste til eit landslag (iallafall etter same prinsipp som landslaget) og møtes på Bordholmen. Det blir altså eit blanda Todalslag mot eit blanda Bøfjord-lag, der spelarane som er lånt ut til andre lag stiller på sitt heimelag. Det blir nok litt av eit oppgjør – og uansett resultat så blir det returkamp i Bøfjorden etter ferien.

Les heile saka

Siste fotterapi før ferien

Elinor Bolme Måndag 29. juni 2015

Fotterapaut Olaug Bergem Aspill kjem i neste veke på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Dagane ho vil vera der er tirsdag 7., onsdag 8. og torsdag 9. juli.

Les heile saka

Er laksen på tur inn?

Jon Olav Ørsal Sundag 28. juni 2015

Laksen har ikkje akkurat stått i kø dei første dagane av årets sesong. Men no løsnar det kanskje, for Sven Sandodden tok i allfall ein fin og lusfri laks i hølen Hagan laurdag. Han frista laksen med flue, og dermed satt den på – og kom på land.

Les heile saka

Topp kveldskonsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 28. juni 2015

Konserten med Asle Beck og Yngve Kristiansen vart på mange vis ei flott og verdig avslutning på Todalsdagen 2015. Etter ein dag med stor aktivitet på Bordholmen, – sol frå blå himmel og massevis med folk som kosa seg i sommardagen, var det godt å sette seg ned og slappe av framfor scena på Todalshytta.  Her […]

Les heile saka

RætaOpp 2015 – med tanke for andre…

Jon Olav Ørsal Sundag 28. juni 2015

Ræta opp er mosjonsløpet der du konkurrerer mest med deg sjølv.  Det er lite alvor men likevel ein konkurranse der det gjeld å delta og kanskje flytte grenser. men du kan også prøve deg på løyperekorden, som er ei sterk tid – nemleg 11.59.  Årets raskaste var Håvard Gjeldnes som kom i mål på 12.05.6 – […]

Les heile saka