Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storfossen – mykje vatn laust

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2016

På tampen av dagen tok vi ein liten flaumrunde – etter at det har regna både torsdag og fredag  var det mykje vatn i Storfossen fredag ettermiddag.  Vassmålaren til NVE ved Storfossen tippa såvidt over 60 m3/sek før han bevega seg under 60-talet ei stund.

Men i skrivande stund er det atter stigning og dersom regn og snøsmelting held stand utover kvelden og natta, så kan det igjen tendere mot stor vassføring i elvane utover natta og morgondagen.  Yr.no melder om mykje regn utover laurdagen og søndag.

Bildeglimt frå Storfossen og nedover Toåa fredag ettermiddag.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 9. desember 2016, 20:36