Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

G13 er fortsatt med mot finalespel!

Elinor Bolme Onsdag 3. august 2016

Gutane på KUST G13 er akkurat ferdig med dagens kamp mot Oppsal, og det meldes om seier og stormende jubel i leiren! Det sto 0-0 til pause, men med kvart sitt mål av Erik Husby og Marcus Brein Gikling etter at Oppsal tok leiinga tidleg i 2. omgang. Dette betyr 1/16 finale i morgen kl 12.20, mot Lillestrøm.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for juli

Ole Petter Talgø Onsdag 3. august 2016

Sommarferien er på hell for dei fleste, og vi skal finne vinnaren for månadens bilete for juli. Vi har valgt ut eit knippe av bileta som du kan velge blant for å vera med å bestemme hvilken bilete som skal premierast denne månaden.

Les heile saka

Kulturvandring til Søyådalen

Elinor Bolme Onsdag 3. august 2016

Søndag 7. august inviterer Stangvik Historielag til kulturvandring i Søyådalen. Ruta blir som i fjor, og guidar er forfattarane av Søyådalsboka. Dei som vil vere med på vandringa møter opp ved Eidet skule innan klokka 10. Derifrå går turen med bil inn til Gammelseterbrua, der det blir ein kort stopp med orientering.

Les heile saka

Feirer nyoppussa leikeplass…

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. august 2016

I Bekkerhagan har Husby Vel drive storstila dugnadsarbeid med rehabilitering av leikeplassen i grenda. Alt i tre er skifta ut og dei har fått på plass ei flott utestove, sandkasse og platting. No inviterer dei både sponsorar, naboar og andre interesserte til å kome og sjå, og har open dag søndag 7. august frå kl 15.00.

Les heile saka

2 seirar og 1 tap på tredje dagen

Elinor Bolme Tysdag 2. august 2016

Då har alle laga vi følger her frå Todalen spela sine kampar i dag, under den tredje dagen av Norway Cup. Og i følge ivrige tilskoderar, så har både G13 og J14 vunne sin kamp, medan J 16 no tapte. G13 og J 16 er dermed klare for A-sluttspelet, og J14 for B-sluttspel.

Les heile saka

Karin Ford stiller ut på Nordmøre for første gong

Elinor Bolme Tysdag 2. august 2016

Fra kulturavdelingen ved Surnadal kommune har vi fått ei pressemelding om storslagen kunstutstilling av trønderske Karin Ford. Utstillinga åpnar i Finstuå på Skei laurdag 6. august kl. 13.00. Utstillinga vil bli ståande til og med søndag 28. august, skriv Steinar Hasselø i ei pressemelding.

Les heile saka

Open pub og «Spansk aften»

Jon Olav Ørsal Måndag 1. august 2016

Pakkhuset Kro melder at det er open pub komande laurdag 6. augst frå kl 21 og utover kvelden. Neste fredag – 12. august er det klart for ein ny omgang med «Spansk aften».  I år som i fjor er det Siri og Frances som er kokkar, og dei tryllar fram mange spanske rettar på Pakkhusets […]

Les heile saka

Gutane på G13 med sin 2. seier

Elinor Bolme Måndag 1. august 2016

På Ekeberg er det dag 2 for Norway Cup. Våre lokale lag melder om fortsatt seier og godt vêr i hovedstaden. Kvass/Ulvungen/ Søya/Todalen G13 spela i dag mot Høybråten og Stovner IL og vann med 3-1. Her var det scoringar av Vebjørn Hunnes, Marcus Brein Gikling og Lang Valset. Laget er dermed vidare i A-sluttspelet med ein kamp igjen i morgon.

Les heile saka

Torbjørn og Rannveig dreg til Tyrkia på jobb for Sjømannskyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 1. august 2016

Komande torsdag dreg Torbjørn Brøske til Alanya i Tyrkia på jobb som prest for Sjømannskyrkja. Sjømannskyrkja og Utanriksdepartementet seier at det er trygt der, men eg må tilstå et eg er litt spent, seier Torbjørn. Kona Rannveig kjem etter om ei veke, og saman skal dei to drive Sjømannskyrkja i turistbyen Alanya i 5 veker i august og starten på september.

Les heile saka

Ein aften med Frode Alnæs

Elinor Bolme Måndag 1. august 2016

Frå Bøfjorden blir vi påminna om storkonsert med Frode Alnæs den 10. september i Bøfjorden grendahus. Billettsalget er no i gang fortel Kay Edvin Sættem Nessæther i ein epost til redaksjonen:

Les heile saka

Lokk og trimbok borte

Elinor Bolme Måndag 1. august 2016

Frå Jon Bruset fekk vi før helga tilsendt bilder frå Bjøråskaret der trimboka og lokket på oppbevaringsboksen er fordufta. Det er nok ikkje meir dramatisk enn at vinden har fått for god tak i lokket og teke med seg innhaldet. Plassen der boka er plassert er såpass godt gjømt, at fleire turgåarar ikke har funne denne gjøymeplassen.

Les heile saka

Tapt og funnet!

Jon Olav Ørsal Sundag 31. juli 2016

Saknar du vassflaska di? – På tur til Lauvåfjellet fann Brit Grønmyr ei slik flaske oppå Knuken.  Glømte du vassflaska di da du rasta oppå Knuken, så har Brit teke vare på den, og du kan få den att ved å ta kontakt i Brit eller Eivind i Steinarstua!