Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sokneråd

Slik er Todalen sokneråd samansett etter valet i 2019:

Leiar Kristian Harstad Gjeldnes
Nestleiar Frode Grønnmyr
Medlem Monika Klungervik
Medlem John Moe
Varamedlem Anne Hjørdis Caspersen Telstad

Først publisert: 19. november 2009, 16:16 - Sist oppdatert: 11. januar 2020, 15:03

Nyheter knytta til Todalen Sokneråd

Side 18 av 24« Første...1617181920...Siste »
Dåp  og  sesongavslutning…

Dåp og sesongavslutning…

Jon Olav Ørsal Sundag 30. juni 2013

Søndag var det to barnedåpar i Todalen kyrkje og det var nærare 70 tilhørarar på den siste gudstenesta før ferien. I ferietida blir det inga gudsteneste i Todalen, og neste ordinære gudsteneste blir derfor søndag 18. august.

Les heile saka

Dyktig  dugnadsgjeng

Dyktig dugnadsgjeng

Jon Olav Ørsal Måndag 13. mai 2013

Vi fikk gjort alt som stod på lista, og meir til, sa Terje Nordvik frå soknerådet. Det var han som leda dugnadsgjengen som måndag kveld var i aksjon under kyrkjegardsdugnaden. Dugnaden starta i sol og finvêr, men det rakk akkurat til å bli ferdig med dugnadsarbeidet før det slo om til kald og sur nordvest med regnbyger.

Les heile saka

Kyrkjegardsdugnad  måndag  kveld

Kyrkjegardsdugnad måndag kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. mai 2013

Måndag kveld 13. mai er det klart for vårdugnad på Todalen kyrkjegard. Det er Todalen sokneråd og kyrkjeverja som inviterer, og dei oppfordrar folk til å kome og hjelpe til med forskjellige slag oppgåver på kyrkjegarden. Det skal rettast opp gravstøtter og ryddast etter vinteren. Det trengs folk med rive, trillebåre, spett, spade og anna høveleg reiskap. Alle som […]


4  konfirmantar  i  Todalen  kyrkje

4 konfirmantar i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 28. april 2013

Søndag var det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje, og 4 gutar tok denne dagen steget inn i dei vaksnes rekkjer. Det var sokneprest Bernt Venås som heldt konfirmasjonsgudstenesta, og konfirmantane fikk i beste meining med seg nokre formaningar inn i framtida gjennom preika.

Les heile saka

Klart  til  konfirmasjon

Klart til konfirmasjon

Elinor Bolme Måndag 22. april 2013

I kveldinga var deler av Todalen Sokneråd på kyrkjegarden og rydda litt til konfirmasjonsgudstjenesta som er no førstkommande søndag. Mannskapet var lette å be for ein liten fotorunde.

Les heile saka

Wok  imponerte  i  kyrkja

Wok imponerte i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 21. april 2013

Laurdag ettermiddag inviterte Wok – Sunndal kulturskoles vokalensemble – til jubileumskonsert i Todalen kyrkje. Wok kan ikkje skryte av størrelsen på koret, for dei er berre 9 medlemar medrekna korleiaren og dirigent Lone Eines. Men du verden kor dei imponerte med sin song og artige framføring av sitt program. Heile 18 musikalske nummer som stod på programmet, som dei køyrde gjennom på ein times tid.

Les heile saka

Stangvik:  Konfirmantane  lagar  kveldsmesse

Stangvik: Konfirmantane lagar kveldsmesse

Bernt Bøe Sundag 21. april 2013

Prest og organist trer til side når konfirmantane «kuppar» gudstenesta i Stangvik kyrkje søndag kveld kl. 19.30. Dei sørgjer sjøl for både liturgi, musikk, tekster og nylaga symbolhandlingar. Den tradisjonelle «overhøringsgudstenesta» før konfirmasjonen har lenge vore erstatta med aktivisering der alle har si rolle. Dei unge sjøl står for det meste – frå klokkeringing og lydteknikk til tekster, bøner og musikk. Alt dette i tråd med ny gudstenesteforståing, der «liturgi» blir ordrett forstått – som «folket i handling».

Les heile saka

I  dag:  Wok  i  kyrkja  kl  17

I dag: Wok i kyrkja kl 17

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. april 2013

Wok er Sunndal kulturskules vokalensemble. Dei er 9 medlemar og markerte sitt 5-årsjubileum med konsert i Hov kyrkje i mars. Jubileumskonserten vil dei gjerne dele med fleire, så difor kjem dei til Todalen kyrkje i dag. Vi får da høyre heile jubileumsprogrammet som tek ein times tid. Dei er flike og fortener eit stor oppmøte, […]


Friluftsgudteneste  og  dåp  runda  av  påska

Friluftsgudteneste og dåp runda av påska

Jon Olav Ørsal Måndag 1. april 2013

Vêrgudane var rause 2. påskedag da Todalen sokneråd og Todalen Idrettslag i fellesskap arrangerte friluftgudsteneste på Haugligardane. Den siste veka har vêrmeldingane bydd på alle variasjonar frå snøvêr med kuldegrader og sol frå blå himmel. Dei heldt sågar arrangøren i ånde heilt ut i morgontimane, men så glimta dei til med både solgøtt og god temperatur. Ein riktig fin dag vart det på Haugligardane, og det viste eit 80-tals publikum å sette pris på. Ein ekstra spiss på dagen sette nok dåpsbarnet, da lille Ella Kristin Lyyli Virtanen Bruset vart båret til dåpen av sine foreldre Anna Bruset og Mattias Virtanen.

Les heile saka

2.  paskedag:  Friluftsgudsteneste  på  Haugligardane

2. paskedag: Friluftsgudsteneste på Haugligardane

Jon Olav Ørsal Sundag 31. mars 2013

Friluftsgudsteneste på Haugligardane 2. påskedag er tradisjon i Todalen. Todalen sokneråd er arrangør, saman med Trimgruppa i Todalen I.L. Under årets gudsteneste skal det og være dåpshandling. Det er lille Ella Kristin Lyyli Virtanen Bruset som blir båret til dåpen under gudstenesta på Haugligardane. Friluftsgudstenesta starta kl 12.00, og det er takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

Les heile saka

Fasteaksjon  med  konfirmantane

Fasteaksjon med konfirmantane

Bernt Bøe Fredag 15. mars 2013

Årleg gjer Surnadals-konfirmantane ein kjempeinnsats gjennom Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp. Tysdag 19. mars går dei dør-til-dør i heile kommunen. Men alt fredag går startskotet – gjennom inspirasjonssamling på Surnadal vidaregåande skule. Her vil konfirmantar og foreldre i møte med KN få sjå og høre korleis midlane som kjem inn, blir nytta der det trengst som mest. Årets aksjon har det dobbeltydige mottoet «Sammen forandre».

Les heile saka

Gudsteneste  og  årsmøte

Gudsteneste og årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2013

Søndag 10. mars kl 11.00 er det gudsteneste i Todalen kyrkjem med sokneprest Bernt Venås. Takkoffer til Kirkens Nødhjelp. Etter gudstenesta blir det årsmøte og kyrkjekaffe, melder soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen.


Side 18 av 24« Første...1617181920...Siste »