Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gudstenester våren 2020

Dordi Jorunn Halle Onsdag 22. januar 2020

Todalen sokneråd informerer om at no er oppsettet for gudstenester våren 2020 klar. Det er i alt oppsett 9 gudstenester, og første gudsteneste er søndag  9. februar kl. 11:00.

Etter gudstenesta 13. mars er det årsmøte i Todalen sokn. Andre påskedag, 13. april, er gudstenesta lagt til Haugligardane. Søndag 24.mai er det konfirmasjonsgudsteneste.

Sokneprest Kristin Strand fortel at dei tre konfirmantane i kyrkjelyden er aktivt med i kvar gudsteneste da dette er ein viktig del av konfirmasjonsførebuinga. «Konfirmantane er flinke og gjer ein flott innsats under gudstenestene!» seier soknepresten. 

Krsitian Gjeldnes er leiar i soknerådet, Frode Grønmyr er nestleiar, Monika Klungervik er sekretær, og John Moe er medlem og kontaktperson i Rindal og Surnadal kyrkjelege fellesråd. Anne Hjørdis Caspersen Telstad er varamedlem.

Her er gudstenestelista:

Soknerådet tek atterhald om endringar.

Soknepresten og soknerådet ønskjer alle velkomne til Todalen kyrkje!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert: 22. januar 2020, 11:11