Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oldtidsfunn – problem for parkeringsplass ved kyrkja?

Jon Olav Ørsal Måndag 14. oktober 2019

Vi kjenner til at det er planlagt ny parkeringsplass ovafor kyrkja. Den er tenkt som eit supplement til dagens parkeringsplassar framfor kyrkja og mot Husbygeilen.  I dag starta gravinga for å undersøke om det er skjulte oldtidsfunn i området for den nye parkeringsplassen.

Det er avdekt eit ganske stor område ovafor kyrkja, med fleire felt i eit slags rutemønster.  Jarle Stavik, som er arkeolog og avdelingsleiar i Nordmøre Museum, er engasjert av Fylkesmannen i M&R for å undersøke området.  Han gjorde umiddelbart fleire funn i området, og det tyder på at det har vore bygd hus i dette området.

her er det tydelege spor etter ein påle som har tilhørt eit bygg – kanskje er det funn frå jernalderen som no kjem fram i dagen, seier arkeolog Jarle Stavik. Foto: Jon Olav Ørsal

Stavik er usikker på kor gamalt dette er, men han trur at det kanskje kan være frå jernalderen. Han har teke fleire prøvar frå området for å prøve å finne ut kor gamle funna er. Stavik tykkjer det stemmer bra med plassen der funna er gjort, som nok var ganske nær sjøkanten på den tida.

No er da spørsmålet om dette kan sette ein stoppar for utviding av parkeringsplassen ved kyrkja.  Stavik viser da til at funna er gjort berre på ein del av plassen, og dermed kan noko av den planlagte  parkeringsplassen fullførast.  Vidare blir det sjølvsagt avgjerande kva funn som blir gjort og  når dei er datert.  – Det går sjølvsagt an å søke fylkesmannen om å frigi området for å fullføre bygginga av parkeringsplassen.  Men først må det nok gjerast ein del undersøkingar og da blir det fort spørsmål om kven som skal betala rekninga? Medan det blir avgjort kva som skal skje vidare så ventar vi i spenning….

Feltet som er grave opp ligg ovafor kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Her er det planlagt utviding av parkeringsplassen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 14. oktober 2019, 12:15