Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Evaluerte feiringa av nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. januar 2020

Det hører med til oppgåva til komiteen som står for feiringa av nasjonaldagen å evaluere arrangementet. Tysdag kveld var 2019-komiteen samla på kantina på Talgø for å evaluere både arrangementet og for å godkjenne rekneskapet frå arrangementet. Leier i 17. maikomiteen Rune Moe var godt nøgd med arrangementet, som var vellukka og som kom ut med eit moderat overskot etter at alle kostnader var betalt.

Ein anna del av oppgåvene til 17.maikomiteen er å sette opp ny komite for 2020.  Feiringa i Todalen er heilt og fullt basert på frivillig innsats, og dette er ein jobb som går på rundgang og som alle må være med og ta sin del av.  Dette går stort sett greit, sjølv om det enkelte år har vore stort fråfall.  Enkelte kan sjølvsagt forhindra i å delta i denne dugnaden, men blir da ofte sett opp igjen neste år.  Men dette er ikkje noko stort problem, og enkelte tykkjer det er stas å være med og bidra med litt frivillig innsats til bygdesamfunnet. 

Det har vore ymta frampå om at det kanskje er litt for omfattande og langdrygt program på nasjonaldagen her i bygda.  Først er det biltog som startar på Kvennset og som går til Brusetmarka og retur til Bordholmen der Fotballgruppa tilbyr salg av frokost. Dette har vore eit populært innslag som har hatt mange deltakarar. På ettermiddagen er det gudsteneste og folketog og til slutt program med middagsservering og tale for dagen enten i skulen eller i ungdomshuset. 

Vi har diskutert om dette kanskje kan forenklast, men vi har ikkje konkludert med at det er noko spesielt behov for å endre på dette, seier Rune Moe til slutt. 

Først publisert: 7. januar 2020, 21:09 - Sist oppdatert: 11. januar 2020, 15:06