Todalen Brannlag
Utrykningsleiarar: Ivar Bolme, Håvard Halset
1. mai vart det utrykning til ein pipebrann i Todalen. Rask reaksjon frå frå huseigaren og brannvesenet i Todalen hindra at brannen fikk utvikle seg. Litt salt i pipa dempa nok brannen, men feiaren måtte tilkallast før ein fikk sløkt pipebrannen heilt. Det er farleg dersom pipebrannen får utvikle seg, for da kan det føre til sterk oppvarming av pipa og kan antenne treverk i nærleiken av pipa.
I dag fikk vi en hyggeleg telefon til redaksjonen i Todalen.no. Det var ordførar Mons Otnes som ringte for å takke alle som hadde vore med og hjelpt til med å etablere beredskap da bygda vart utan telefonsamband 2. juledag. Todalen.no var da først ute med informasjon om feilen på telenettet, og informasjonen kom derfor fort ut slik at den komunale beredkapen vart ivareteken. Otnes rettar ein spesiell takk til brannvaktene som stillte opp, og som raskt etablerte beredskap ved hjelp av satelitt-telefon og jaktradioer. Otnes fortalte at fylkesmannen også var imponert over organiseringa og kor godt dette hadde fungert.
Brannmannskapet i Todalen brannkorps fekk etter spylinga ved Talgø og Matkroken torsdagkveld ei lita påskjønning av befalshavande Gunnar Bøe i Surnadal brannvesen. Han hadde fått i oppdrag frå brannmester Tor Arne Moen om å ta med blautkake til brannmennene etter at mannskapet for ei tid tilbake viste imponerande innsats i ei utrykning med hjartestartaren som dei har ansvaret for. Befalshavande [...]
Det er eit sikkert vårtegn på Kvennset at Todalen brannlag spylar vekk strøsand, rusk og rask på plassen frammafor Talgø-fabrikken og Matkroken L.Hals. Dermed slår dei to flyer i ein smekk, og får gjort vårreint samtidig som dei får køyrd motorane på brannpumpene ein skikkeleg runde etter ein lang vinter uten å ha vore i bruk.
Søndag var karane i brannkorpset i Todalen på Ansnessaga for å spyle rein tomta. Dei var innleidd av Møre Tre AS for jobben, for å få bort rusk og rask etter Dagmar. Det er da spesielt med tankepå mykje spikar og skruvar som ligg laust . For å få nok trykk i slangane demde dei opp sagelva. Sjølv om det ikkje var flammar og varme med i bildet denne gongen, fekk dei i seg varmen likevel.