For 2. år på rad stakk elevar frå 6. klasse ved Stangvik oppvekstsenter av med førsteplassen i Svorka sin energikamp under dagens finalen på Laksfestivalen. Konkurransen starta med innbyrdes kampar ute på dei ulike skulane tidleg i vår, med uttak av lag til ny runde med kvalifisering kommunane i mellom veka før Laksfestivalen. Dei 12 beste laga gjekk så vidare til delfinalane i dag ved kulturhuset, og eit lag frå Øye, eit frå Mo og eit frå Stangvik kom til slutt i hovedfinalen.
Les heile saka
Sist torsdag var Stavganggruppa på tur til Nauståfossen på Kårvatn, og denne gongen var det heile 55 deltakarar. Dei starta ut frå parkeringsplassen på Kårvatn. Dei mellomlanda på Myrvang, der det var både kaffe og bakels med tilbehør, og kulturelt innslag. Lars Vang og Guri Saltnes hadde med seg fele og trekkspel, og Fredrik Sjøflot hadde med blokkfløyte.
Les heile saka
1. festkveld av Laksfestivalen 2012 er unnagjort, men ikkje mange frå vårt omland i 30+ stilte på festen som deltakarar. I år, som i dei fleste år tilbake hadde Todalen IL i lag med Søya IL teke på seg vakthald og billettsalg i festivalområdet til inntekt for klubbane. Til denne jobben krevst omlag 30 frivillige kvar kveld, berre frå Todalen.
Les heile saka
Laksefestivalen kom så smått igang torsdag, med tivoli, laksekonferanse, kunstutstilling og Surnakveld i Kulturhuset. Fredag opna markandsgata, og kulturskulen har opningsshow på hovudscena før det blir fiskekonkurranse i Surna og utekonsert med Stage Dolls og Batteri på hovudscena. Laurdag startar dagen med fellesfrukost framfor Kløverstua, før det fortsett med open dag på Svorka og marknadsgate.
Les heile saka
Vårt senior A-lag tok årets første seier i 5. divisjon torsdag kveld melder IL_Søya. Det var en glad og fornøyd trener Ole Georg Øye som ringte og rapporterte om seier 3-2 borte mot Nordlandet. Scoringer med Åsmund Kvendset Longva (2) og Lars Kristian Øyen Kvande.
Se IL Søya sin nettside for flere fottballrelaterte saker.
Frå Jon Bruset har vi fått ein e-post med ein serie med bilder frå Nauståfossen. Han anbefaler å ta ein tur for å sjå på fossen no. Han skriv: «Etter regnveret i natt var Nauståfossen eit mektig skue i dag. Ta turen og opplev fossen med stor vassføring. Ein kort og lett tur på flat mark. Den som vil gå litt lengre, kan fortsette etter merka sti til trimposten ved Naustådalsetra.»
Les heile saka
Eg veit ikkje kven som vart mest forundra, røyskatta eller Per Åke, da røyskatta kika opp av bestikkskuffa vår! Det var stilt i nokre sekund før røyskatta kjefta på Per Åke, som om det var han som var inntrengaren! Ho har levd godt under og bak kjøkkenbenken, der ho har fått tak i matrestar i «hønsematbøtta», og lagt seg under oppvaskmaskina å kosa seg! No er iallefall musene vekk! ;-).
Les heile saka
Sist fredag var det klart for opning av ny sesong på Todalshytta. I år som i fjor og dei siste åra er det Åse Grydeland Øyen som er vertinne og drivar. Ho måtte nok tjuvstarte den nye sesongen litt, for torsdag 14. kom mange laksefiskarar til hytta. Dei skulle ha med seg starten på laksefisket i Toåa. Årets laksefiske starta nemleg natt til fredag, og da stod dei nok klare på elvekanten. Åse fører vidare tradisjonen med bailldag på tysdagar. Potetballen er fast på menyen kvar tysdag gjennom heile sommaren, og det setter folk stor pris på, både todalingar og andre.
Les heile saka
Bibliotekansvarleg Karen Johanne Talgø og medhjelpar Britt Mossing melder om at dei har i rydda i hyllene, og det blir billegsal av både bøker (for barn og vaksne) og gamle videofilmar (eks. teikneserie, Fleksnes) dei to siste åpningskveldane før sommarferien.
Dei kokar på kaffekjelen, og oppmodar alle om å ta turen innom.
Les heile saka
…slike e gode å ha, avslutta 1.-7. klasse ved Todalen oppvekstsenter etter nok ei sommaravslutning med stil. Her hadde ungane som tidlegare år øva både vel og lenge for å levere bra underhaldning. Nesten alle elevane deltok, nokon med meir entusiasme enn andre, og bidrog til stolte foreldre og besteforeldre.
Les heile saka
Tysdag kveld var det «full puss» på Bordholmen, og klargjering til Todalsdagen som arrangeres laurdag 30. juni. Da kjem eit førtital fotballag med knøtter, miniputter og lilleputtar på Todalscup og da må anlegget vera strøkent. Det var fleire arbeidslag som var i aksjon rundt omkring på anlegget, der nokre dreiv rydding i lagerbygget medan andre dreiv slåttearbeid eller reparerte utgarden som vart øydelagt av stormen Dagmar i vinter.
Les heile saka
Vegen er no åpna klar for ferdsel, etter uhellet i 16-tida i dag. Redaksjonen takkar for løpande oppdateringar frå ulykkesstaden.
Les heile saka