Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Wok imponerte i kyrkja

Wok imponerte i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 21. april 2013

Laurdag ettermiddag inviterte Wok – Sunndal kulturskoles vokalensemble – til jubileumskonsert i Todalen kyrkje. Wok kan ikkje skryte av størrelsen på koret, for dei er berre 9 medlemar medrekna korleiaren og dirigent Lone Eines. Men du verden kor dei imponerte med sin song og artige framføring av sitt program. Heile  18 musikalske nummer som stod på programmet, som dei køyrde gjennom på ein times tid.  

Dei starta med ”Scandinavian shuffle” og var vidare innom både ”Brudedagsmarsj” som er folketone frå Todalen og religiøse songar og tre Beatlesmelodiar som nærast fikk ein til å spole tida attende til 60-talet. Dei hadde eit repertoar og ei spennvidd som gjorda at dette måtte passe alle, uansett musikksmak. Publikum viste at dei sette pris på det dei fekk høyre og sjå, med ståande applaus etter siste nummer.

Da avslørte koret at dei kan meir enn å synge, for dei trødde til med ”Grautmarsjen” som ekstranummer. Da henta dei fram den store overraskinga til publikum, –  store fat med bakels og sjølvsagt med graut. I sluttfasen av marsjen gikk dei så rundt og serverte bakels til publikum, som etter konserten fikk servert kyrkjekaffe til bakelsa.

Det var berre så synd at det kun var eit 40-tals tilhøyrarar som fann vegen til Todalskyrkja  denne dagen – Wok hadde fortent at det hadde vore fullsett kyrkje.  Men dette var ikkje siste sjanse, for Wok skal opptre med same jubileumskonserten i Gjemnes kyrkje torsdag 30. mai.

Bilda nedafor er frå Wok-konserten i Todalen kyrkje sist laurdag.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 21. april 2013, 12:00 - Sist oppdatert: 20. april 2013, 23:46