Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stangvik: Konfirmantane lagar kveldsmesse

Stangvik: Konfirmantane lagar kveldsmesse

Bernt Bøe Sundag 21. april 2013

Prest og organist trer til side når konfirmantane «kuppar» gudstenesta i Stangvik kyrkje søndag kveld kl. 19.30. Dei sørgjer sjøl for både liturgi, musikk, tekster og nylaga symbolhandlingar. Den tradisjonelle «overhøringsgudstenesta» før konfirmasjonen har lenge vore erstatta med aktivisering der alle har si rolle. Dei unge sjøl står for det meste – frå klokkeringing og lydteknikk til tekster, bøner og musikk. Alt dette i tråd med ny gudstenesteforståing, der «liturgi» blir ordrett forstått – som «folket i handling».

Med soknerådsleiar Berit Anne Røkkum, klokkar  Randi Bøe, sokneprest Bernt Venås og  organist Bernt Bøe som instruktørar har tenåringane frå Todalen, Åsskard og Stangvik samla seg om ein stor messe-dugnad som avslutning på konfirmantåret. Guudstenesta følgjer den vanlege grunnordninga som vart innført i haust og er altså for alle – inga «rocke-messe». Mykje nytt skjer likevel. 

Songane blir kompa av piano, bass, gitar og trommer. Pianistar i gruppa sørgjer for preludium og offermusikk. Lesing skjer delvis i «roller». Songar får visuelt uttrykk med bevegelse og bruk av symbol. Pantomime og andre symbolhandlingar utdjupar messa.Samlingsdelen før klokkene ringer, er utforma som biletserie med glimt frå kyrkjelivet i Todalen, Åsskard og Stangvik siste året – der konfirmantane ved mange høve har hatt viktige roller.

 Etter gudstenesta er det grillmat og kaffe på Svissholmen.

Publisert: 21. april 2013, 10:31