Snow On A Mountain trekte bra med folk til minikonserten på Matkroken i dag. Det var Husbybrødrene Eirik, Lars Olav og Jan Peter som slepte ein smaksprøve på kveldens konsert på Pakkhuset Kro, og målgruppa var dei minste som må «byssan lulle» før kveldens konsert startar kl 20.00. Dei som møtte på minikonserten fikk kvar sin signerte EP med 4 melodiar, og det var nok mange små som opplevde sin første konsert i Kaffekroken i dag.
Les heile saka
Vinnar av månadens bilete for juni blei Magne Svinvik med biletet «Klatring i kveldssola». Vi takker alle bidragsytarar, og lovar at premien blir overbragt snart.
Les heile saka
Onsdag kveld startar G19 oppkjøringa mot Norway Cup med privatkamp mot Surnadal G19, skriver manager Terje Nordvik i ei pressemelding til Todalen.no. Kampen startar kl 18.30, og det er første kamp forsamarbeidslaget Todalen-Søya-kvass/Ulvungen etter at fotballferien noe er ferdig.
Les heile saka
Torsdag vart utferdstrongen såpass sterk at det vart ein liten biltur. Det skjedde meir eller mindre på impuls, og starten gikk i retning E39 for mellom anna å prøve nyvegen mellom Rodalen og Vinjeøra. Første stopp var på Valsøytunet på Valsøya. Der var vi litt for tidleg ute for dei opna først kl 13, men det var godt å strekkje litt på føtene før vi tok fatt på neste etappe etter nyvegen som nok var ei skikkeleg oppgradering. På Vinjeøra tok vi av til Kårøyann, som er ein utpost der KNT har kvarter på Fjordruta.
Les heile saka
Vi har tidlegare omtala konserten med «Snow On A Mountain» som skjer på Pakkhuset Kro på Todalsøra tysdag 24. juli. Tidlegare på dagen (Kl 12.00) blir det minikonsert på Matkroken L.Hals, der det og blir plåtesignering . «Snow On A Mountain», det er Husbybrørne Eirik, Lars Olav og Jan Peter, og dei lanserer no EP-plåta med 4 melodiar der Eirik Husby står ansvarleg for både tekst og tonar. Eirik seier at han tenker spesielt på den yngre garde med minikonserten på Matkroken.
Les heile saka
Surnadal Trenings- og velværesenter melder om oppfølging av vårens runde med prosjektet: «2 buksestørrelser ned». Dette vart ein stor suksess! Dei kjøyrer på med ein ny runde allerede nå på august! Dette er oppstart heilt forfra, med kurs både for damer og herrer. Det blir også oppfølging av de som var med på vårens runde med «2 buksestørrelser ned», nærmere informasjon om dette kjem seinare. Haustens timeplan er også så å sei ferdig med opp i mot 30 gruppetimar per veke, noko for ein kvar å velge i med andre ord.
Les heile saka
Svinviks arboret minner om at dei har kveldsope på onsdagar i juli. Da er det altså arboretet ope frå kl 12.00 til kl 20.00. Det kan være fint å ta en kveldstur for å vandre rundt i anlegget, eller berre stikke innom for å ta ein kaffekopp og ein godbit i arboretets kafè. Dei minner og om pikniktibodet dei har. Om piknikvèret let vente på seg kan dei alltids sørgje for at innhaldet i piknikkorga kan nytast tørrskodd. Dei har to alternative piknikkorger som du kan lese meir om her.
Les heile saka
I tidsrommet 3.- 5. august arrangeres Norsk vandrefestival. Denne gongen er hovudsetet flytta til Rindal kommune, og det blir BaseCamp ved Tjønna. Men aktivitetane kjem som tidlegare til å forega i dei tre kommunane Rindal, Surnadal og Halsa. Norsk Vandrefestival kan i år by på eit variert og spennande program, som altså går over 3 dagar frå fredag til og med søndag i starten av august.
Les heile saka
Laurdag kveld (21.7.) er det open pub på Pakkhuset Kro. Dørene opnar kl 21. Pakkhuset Kro ligg ved den gamle dampskipskaia, ytterst på Todalsøra. Alle er velkomne!
Toåa er ei av tre elvar på Nordmøre som er pålagt å gjennomføre midtsesongevaluering. Det er direktoratet som har har krevd dette, og vurderinga er gjort pr 10. juli. Ola Bruset fortel imidlertid at tala for Toåa ser bra ut, og gytebestandsmålinga her har gode marginar til krava som direktoratet for naturforvaltning har sett. Det blir derfor ikkje sett i verk noko ekstraordinære tiltak i Toåa denne sesongen.
Les heile saka
Gunnar Nordvik og Lars Kvendset hadde fått i oppdrag å legge nytt torvtak på Austisusetra denne sommaren. Eg var så heldig å få bli med på min aller første Romådalstur. I går kjørte vi opp til enden av skogsvegen ved romålia med bilen til Gunnar. Det var Gunnar, eg, Lars og dei to gjeitene til Gunnar som var med på turen. Vi gjekk frå parkeringsplassen inn til Austistusetra. Her var det heile fjøstaket på Austistusetra vi skulle reparere. Det var ein lekasje på fjøstaket som trong vedlikehald.
Les heile saka
Lørdag 25. august er det klart for Søyacup igjen. På IL Søya sine nettsider melder dei i dag om at dei allerede har fulltegna med heile 55 påmeldte lag frå knøtt til G12 og J12. Sunndal Il er den største deltakaren, med heile 19 lag påmeldt i alle klassar. Pågangen har vore såpass stor no i den siste tida at lag blir ståande på venteliste utover til den aktuelle helga.
For å sjå oversikt over dei påmeldte laga kan du gå hit.