Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Yr.no: Mykje nedbør og store elvar

Yr.no: Mykje nedbør og store elvar

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. mai 2013

Værvarselet for i dag går ut på mykje nedbør på midtre og indre strøk av Møre og Romsdal. Varselet til yr.no fortel at det kan bli rundt 25 mm nedbør i løpet av næraste døgnet. Det er ikkje så mykje, men i tillegg til snøsmeltinga kan du føre til flaumstore elvar.

Kl 05.00 var vassføringa i Storfossen på 32,0 m3/s, og det er halvparten av vassføringa på pinseaftan da det var omtrent 65,0 m3/s i 20-tida. Det er onsdag lågare temperatur, og meldingane går ut på snø og sludd i høgfjellet. Dette dempar nok snøsmeltinga og dermed vassføringa ein del.

Publisert: 22. mai 2013, 07:28