Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Feira i finvêret

Feira i finvêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. mai 2013

Den tradisjonelle feiringa av nasjonaldagen i Todalen var velsigna med tidenes finvêrsdag. Etter ein kald vinter og vår kom endeleg sommaren for fullt, og det var nok mange som mønstra i bunad, som bokstaveleg fortalt fikk føle sommarvarmen på kroppen. Gradestokken var nok godt over tjuetalet, men litt svalande vind hjelpte nok på litt. Dagen vart feira med folketog frå skulen til kyrkja, der det var familiegudsteneste. Etter gudstenesta la John Moe ned blomster på bautaen på vegne av Todalen historielag, før folketoget som no var forsterka med 17.-korpset gikk til skulen for å fortsette feiringa der.

Etter at Stangvik skulekorps vart nedlagt har det vore moblisert tidlegare korpsmedlemar for å få korpsmusikk til folketoget i Todalen. Dei stillte velvillig opp i år også, og fekk sågar forsterkning frå Mo skulekorps og frå Surnadal hornmusikk. 17.-korpset gjorde ein flott innsats, og sørga for musikk både i toget og nokre ekstranummer framfor skulen.

Vidare var det samling i gymnastikksalen og der det var servering av sodd, med kaffe etterpå og sjølvsagt var det allsong. Torbjørn Brøske trakterte pianoet, og avslørte at det er ikkje berre yngre generasjonar som er musikkalske i den familien. Rannveig Brøske holdt etterpå ein engasjerande tale for dagen, der ho temaet naturleg nok var grunnlaget for feiringa av nasjonaldagen. Men ho hylla også kvinnene som tok kampen for kvinneleg stemmerett for hundre år sia og dei belyste dei utfordingane vi står ovafor i dag med å vise solidaritet og ansvar for folk som ikkje har det så bra.

I bildegalleriet nedafor har vi ein bildekavalkade frå feiringa, med folketog, gudsteneste, korpsmusikken og frå feiringa i skulen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. mai 2013, 08:51