Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mønstra bilparken på nasjonaldagen

Mønstra bilparken på nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2013

Todalingane starta feiringa med biltog etter tradisjonelt mønter. Uoffisielle deltakartal er i år 54 kjøretøy med smått og stort, og det er kanskje ny rekord. Det var start frå parkeringsplassane på Matkroken og Talgø, før turen gikk oppover bygda på nordsida til Gammelfabrikken i Brusetmarka. Der var det ein kort pause, slik at ein fikk snuing på alle doningane og samla troppane.

Så gikk turen nedover bygda igjen på sørsida av bygda og ned til Bordholmen, der fotballgruppa venta med froskost til heile bygda. I biltoget va det både traktorar, bilar, mopedar og som sagt vart det mellom femti og seksti doningar i kjøretøykollonna.

Vi kjem att med meir frå feiringa av nasjonaldagen etter kvart.

Her finn du bilder frå Biltoget.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2013, 13:12