Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tømmer septiktankane

Tømmer septiktankane

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juli 2011

For eit par veker sia fekk alle husstandar varsel om septiktømming i veke 29/30. No er er firmaet Miljøservice fra Stryn i gang med tømminga, og dei er nok legg kjennelege med den gule spesialbilen sin. Dei syg opp slammet frå septiktanken og silar bor slamet og sender vatnet i tanken igjen. Slammet blir kjørt til Syltøran og lagra i containere som seinare vert transportert til Meldal for deponering. Tankane vert tømt annakvart år, så neste tømming i Todalen blir i 2013.

Les heile saka

Tur til Kvennhjulfjellet (1127 m.o.h.)

Tur til Kvennhjulfjellet (1127 m.o.h.)

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juli 2011

Jon Bruset har vore ute på ny fjelltur. Denne gonge gikk turen til Kvennjulfjellet med start frå Kårvatn. I ein e-post til Todalen.no skriv han: «I dag gjekk turen til Kvennhjulfjellet. Gjekk opp frå høgste punktet på stien som går over skaret frå Naustådalen til Neådalen. Ein forholdsvis bratt og tung tur, men det er enda mange saustigar å gå etter i dette området etter saudrifta som var.

Les heile saka

Historisk vandring med Trollheimsporten

Historisk vandring med Trollheimsporten

Jon Olav Ørsal Måndag 18. juli 2011

Jon Bruset har vore på historisk vandring med Trollheimsporten, og gått etter «vassvegen» frå Storbotn på austsida av Skjerdingfjellet og ned til utløpet ved Vestrum. Denne «kunstige» bekken er det nok mange som har sett ved Tristeinan, der den kryssar turistlina til Bjøråskaret. Her ser det mesta ut som vatnet renn i motbakke eit lite stykke. Les meir om dette og sjå bilda frå turen på Trollheimsporten.

Les heile saka

Museumsdag – Bjørn Austigard kåserte om havre

Museumsdag – Bjørn Austigard kåserte om havre

Jon Olav Ørsal Sundag 17. juli 2011

Søndag arrangerte Surnadal Museum aktivitetsdag saman med Todalen historielag og Stangvik historielag. Det vart ikkje den heilt store publikumstilstrøyminga i sommarvarmen, men dei 40-50 som deltok fekk nok valuta for pengane. Hovudposten på programmet var Bjørn Austigards kåseri om havren. Han kåserte om havrens betydning for levesettet til folk oppgjennom tida. I eit muntert og instererssant kåseri dokumenterte han utviklinga som har skjedd og kva rolle havren har hatt i utviklinga.

Les heile saka

Bra trafikk i fjellet

Bra trafikk i fjellet

Elinor Bolme Sundag 17. juli 2011

Gudmund Kårvatn kan fortelje at sesongen for fjellturistane no er i full gang. Dei siste to vekene har vandrarane, og andre tilreisande turistar for fullt ankome Kårvatn. Der er som kjendt ei sjølvbetjeninngshytte (Målarstua), og ei leiligheit tilhøyrande Gammelstua som Gudmund sjølv held bestillingane på.

Les heile saka

SMS terror

SMS terror

Elinor Bolme Laurdag 16. juli 2011

Todalen.no vart før helga kontakta av ein lettare fortvila todaling som i rundt ei veke no har fått såkalla svindel-sms. Det heile starta med ein sms på mobilen som kunne fortelja at han hadde vunne store summar i punds valuta. I etterkant har han fått mellom 5 og 10 sms der han blir bedt om å senda inn sine kontaktopplysningar som fullt namn, epost adresse og riktig telefonnummer.

Les heile saka

God beredskap i Saniteten

God beredskap i Saniteten

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. juli 2011

«Kom til Sanitetshuset så snart du har anledning». Det var telefonbeskjed medlemane i beredskapgruppa i Todalen Sanitetsforening fikk da ledaren i beredskapsgruppa Kari Kvendset starta ringerunden laurdag formiddag kl 10.42. Temmeleg nøyaktig 5 minutt etterpå stod Åse Redalen i døra på Sanitetshuset som den første, og i minutta etterpå kom medleman i gruppa i tur og orden. Sjølvsagt er det ferietid og tilsaman 4-5 personar var bortreist på ferie eller anna ærend. Men i løpet av eit kvarters tid var 8 personar møtt opp og klare til å gjere ein innsats.

Les heile saka

Aldersheimen fekk bilete

Aldersheimen fekk bilete

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. juli 2011

Surnadal Pensjonistlag markerte måndag overrekking av bilde til Stangvik aldersheim. Dette har samanheng med at Reidar Østvik hadde utstilling på aldersheimen frå påsketid og utover våren. Bebuarane lika godt bilda som Reidar stilte ut, og spesielt var det eit bilde med sauer som fall i smak. Dette bilde fekk aldersheimen med Surnadal Pensjonistlag som gåve, og laget ønska samtidig å takke dei tilsette på aldersheimen for den fine innsatsen dei gjer. Det var lagets ledar Johannes Vaag som med velvalde ord overrekte biletet.

Les heile saka

Ny lyssetting

Ny lyssetting

Elinor Bolme Fredag 15. juli 2011

Mange som har passert Todalen Kyrkje i den seinare tida, har mest truleg lagt merke til at det har vorte nye utelys ved kyrkjegardsmuren. Dei gamle har vorte erstatta av nye i ein litt anna fargenyanse enn dei som var der før. Før ein vart vant til dei, minna det mesta om skinet frå eit bål i seine sommarkveldar. Men med det sure veret som har vore i de siste vekene så vart det reint så stemningfsfullt med preg av haust…

Les heile saka

Må koke vatnet

Jon Olav Ørsal Fredag 15. juli 2011

Halle og Husby Vasslag har sendt ut melding om at abonnentane bør koke drikkevatnet inntil vidare. Siste vassprøve viste eit lite innslag av e-colibakteriar, utan at det er nokon dramatikk i det, seier ledar Gudmund Husby. Sannsynleg vis er det overflatevatn etter regnvêret den siste tida som er årsaka. Det skal takast ny vassprøve i byrjinga av neste veke.


Skjelprøvar av laksen

Skjelprøvar av laksen

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. juli 2011

Direktoratet for naturforvaltning set no i gang eit prosjekt forå overvake innslaget av rømt oppdrettslaks som går opp i elvane i Trøndelag, og tek samtidig Surna og Toåa med i prosjektet. Det fører til at det må takast skjelprøvar av all laks som blir teken i Toåa i resten av sesongen. Todalen Elveeigarlag har fått instruks om å starte med prøvetaking straks. Skjelprøvane skal sendast inn for å analysere genene, og dermed få oversikt over kor stor del av laksen som går opp i elva som er oppdrettslaks.

Les heile saka

Snodig skjerm vart logisk til slutt

Snodig skjerm vart logisk til slutt

Elinor Bolme Onsdag 13. juli 2011

Måndag kveld kom fotballgruppa si nyinnvestering på Bordholmen. Bjørn Hauglann hadde vore på handel, og Knut Jarle Bergli vart den heldige montør. Undervegs i monteringa fekk han mange nyssgjerige blikk frå nokre trimmarar som held til på volleyballbanen. Dei hadde problem med å sjå kva i all verda det var han sette opp. Både dragar, vasski og leskjermar i ulike varianter vart foreslege. Men dette var kun fotball relatert, då det viste seg å vera markørar til trening.

Les heile saka