Helgemesse – også kalla «Allehelgens» – er ein av dei sterke søndagane i kyrkjeåret. Mange stader blir dette dagen for å minnast og for å la lyset skine. Søndag var konfirmantane med og gjorde dagen meiningsfylt for mange. Liturgisk sett er vår helgemesse tilpassa ein lokal påbegynt tradisjon.
Les heile saka
I 1977 ga Vårsøg med Henning Sommerro i spissen ut sin debutplate «Vårsøg». Den ble ein stor suksess, og vinylutgåva har i lengre tid vore eit ettertrakta samleobjekt, ikkje minst på grunn av tittelmelodien, som er ein av våremest spela songskattar. No kjem songane i si originale form for første gong ut på CD. På plata finn vi folkekjære melodiar som «Vårsøg», «Nordmørsminne» og «De er trygge til juli Sauda». Alle i sin opprinnelege versjon.
Les heile saka
Frå sekretæren i Eldremiddagen, Martinus Torvik, har vi fått e-post med påminning om arrangementa dei har i Sanitetshuset kvar onsdag. Han skriv: «Eldremiddagen held fram med sine onsdagsmiddagar til og med 5. desember. Den dagen serveres årets julemiddag. Matretten blir tradisjonell og velsmakande, og med alle fire kokkane i aksjon. Ellers vil vi nemna at […]
Les heile saka
Frå Bruset/Øya/Halset jaktlag har sendt inn enda fleire bilder, denne gongen frå søndagens jakt, der heile tre dyr fall. Redaksjonen oppfordrar fortsatt dei andre jaktlaga i bygda til å sende inn bilder frå helgas jakt, slik at vi eventuelt kan fjerne spørsmålsteiknet i overskrifta. For smellar har vore høyrt både laurdag og søndag
Les heile saka
I går var 14 trufaste damer nok ein gong samla i Sanitetshuset på Strikkekaffe. Dei samlast omlag 3. kvar laurdag, nokon med, andre utan handarbeid. Her utvekslar dei tips og råd etter mange års erfaring med masker på pinnar. Snittalderen er ganske høg, så erfaringa er nok også proposjonalt med den, men ikkje for det, her er det absolutt plass for alle i alle aldrar. Og er det nokon som treng hjelp, er det stort sett nokon som kan vere behjelpeleg med det i denne forsamlinga.
Les heile saka
Kari, Åse og Liv Jorunn er i hvertfall i rute med julebaksten. Laurdag var det full mobilisering på kjøkkenet til Kari Kvendset på Sandstad, og da var det potetlefse som stod på programmet. Her var det storskala produksjon, med 2 kjevlebord og 2 takker til steiking, og det dufta godt nystekt potetlefse. Det var mesta slik at ein kom i ei lett julestemning.
Les heile saka
Den store jubileumsfeiringa fortsett, og i førmiddagstimane laurdag var det «stinn brakke» i kaffekroken på Matkroken L. Hals. Der vart det servert moltkrem og nystekte bakels til alle kundar som var innom butikken. Laurdag er siste dag i den intense feiringa av 100-årsjubileet til L. Hals, som har på gått sia måndag. Laurdag kl 16 er feiringa slutt, og det blir markert med fyrverkei, når eit skikkeleg rakettbatteri går i lufta.
Les heile saka
Fredag 2.november fekk vi på oppvekstsenteret helse på ein heilt spesiell gjest. Gjesten kjenner vi godt frå før gjennom Barne-TV, DVD-ar, spel, og ulike bøker om teikning. Han heiter Øistein Kristiansen, men på skulen seier vi berre ”Øisteins blyant”. Alle elevane, og dei eldste frå barnehagen, var samla i hallen på skulen. Ut i frå enkle krusedullar og figurar tok han oss, både vaksne og ungar, med på eit heidundranes teikne-show.
Les heile saka
Redaksjonen for Todalen.no er godt nøgd med besøket på nettstaden. Hittil i år har vi hatt over 238 000, som er ei auking på over 28%. Antal sidevisningar i 2012 kjem til å passere 500000 i løpet av helga, og antal forskjellige besøkande er så langt i år på over 32000 – også ei auke på heile 34%.
Les heile saka
Søndag 4. november er det i gølge IL Søya si nettside, klart for årets store Søya-basar i Myrvang. Der vil basarbordet stå klart med masse gevinster kl 17.30. Blant de flotte hovedgevinstene finner vi bl.a. royalimpregnert hagebord med 6 stoler (fra Talgø) og et familiesesongkort i Sæterlia (verdi kr 4500) gitt av Surnadal Bygg AS og Prebo AS
Les heile saka
Jula nærmer seg med stormskritt, og dei første julemessene er alt annonsert. Det er no vel 7 veker til jul, og det kjem nok til å bli kamp om kundane og kjøpekrafta i tida fram mot jul. 5 driftige damer arrangerer i år julemarked i Sanitetshuset. Det skjer laurdag 17. november, og dei har litt av kvart å by på når dei setter i gang.
Les heile saka
Søndag var nesten 50 mann med stort og smått tilhørande G12 Søya/Todalen på sesongavslutning etter ein lang fotballsesong. Turen gjekk til Molde der G12 mannskapet, med trenarar, spelarar og oppmenn hadde booka 5 banar hos Molde Bowling. Etter 2 rundar med lystig spel vart det servert pizza og drikke, før det vart på med maksimum […]
Les heile saka