Helikopteret som fredag og laurdag har bomba rasområdet for å få ned lausmassar, avslutta i arbeidet ettermiddag arbeidet og dro heim. Dei hadde på langt nær fått ned alt, men det hadde vorte eit alt for omfattande prosjekt. Det ville teke ei veke, eller kanskje meir. Difor avslutta dei no bombinga med vatn, og sendte laurdag folk fra Betong Renovering Drift inn i området for å fortsette ryddearbeidet.
Helikopteret har vore i lufta sia fredag morgon, og har pøsa på store massar med vatn for å få ned lausmassane. På avstand kan det sjå ut som at «musa pissar i havet», men på nært hald har vi sett at dei har fått ned mykje jord, grus og stein. Bøtta til helikopteret har kapasitet til 3000 liter, og det tekt rundt 2 minutt å fylle opp bøtta i sjøen for så å flyge opp i området igjen.
Betongrenovering vil no forsette der helikopteret avslutta arbeidet. Alt laurdag starta dei arbeidet på toppen av rasstaden. Kor lang tid det vil ta å rense rasområdet er uvisst, men det har vore sagt at det kanskje vil ta 2 veker eller meir. Etter at dei er ferdig med sikringa av rasstaden vil ein kunne starte arbeidet med å rydde vegområdet og starte arbeidet med å lage ny veg om rasstaden.
Bildegalleri frå arbeidet med å bombe rasstaden for å få ned jord, grus og stein. Alle foto: Jon Olav Ørsal