Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Snart klar for «prøvekjøring» – oppdatert

Snart klar for «prøvekjøring» – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2013

Frå tysdag morgon ligg det no til rette for at ferja «Førdefjord» kan starte trafikken mellom Todalen og Kvanne. Det er no nærast berre finpussen som står att, og dersom alt går etter plana vil «Førdefjord» ta ein prøvetur i løpet av kvelden. Da får ein testa at alt fungerer som det skal, før ferja blir sett inn i trafikk, fortel anleggsledar Petter Husby frå Vegvesenet. Her kan du lese pressemeldinga vi har fått om saka  frå Statens Vegvesen. Førdefjord er i skrivande stund (kl 18.00) på veg ut Nordsundet i Kristiansund, på veg til Todalen for å prøve den nye kaia.

Per E. Gjeldnes Maskin har jobba med oppfylling mot ferjelemmen, og startar no arbeidet med å lage meir plass til ferjekøa. Det må være plass både til ilannd- og ombordkjøring utan at det skal oppstå trafikkproblem.

Rutetidene for ferja er ikkje klarlagt enno, men dersom ferja startar i morgon tidleg vil nok ferjetidene kome i løpet av ettermiddagen eller kvelden. Det blir også gjort framskritt i opprenskingsarbeidet i rasområdet, og dei reknar med at dette arbeidet kan avsluttes i løpet av eit par dagar. Da kan ryddearbeidet på vegen starte og ein vil kunne kome i gang med vegarbeidet etter kvart.

Publisert: 12. august 2013, 18:15