Kjerringane kokkla og ungane sprang, to sikre tegn på ein vellukka basar då fotballgruppa i Todalen Idrettslag arrangerte sin basar i Ungdomshuset på ettermiddagen i går. Bortimot 38 000 kom inn, mykje takka eit godt førhandssalg rundt bygda og på butikken i veka før. Mange fine gjevinstar av ulik karakter både for ungar og vaksne hadde komme inn, og gevinsten som fekk mest oppmerksomhet var ei stor bormaskin.
Les heile saka
Indre Nordmøre Forsvarsforening inviterer til «Forsvarets julegudteneste i Nidarosdomen. Det skjer onsdag 19. desember kl 13.00, og det blir busskyss med start fra Surnadal kulturhus kl 09.00 denne dagen. Påmelding skjer til Olav Jostein Holten tlf 71 66 20 21.
Les heile saka
Kvar søndag morgon kl 9,03 har NRK P1 sending av programmet «Naturens verden». Det spesielle denne gongen er at sendinga som kjem søndag 11.11. mellom anna handlar om lamer i Svinvika. Slå på radioen på P1 kl 9,03 i morgon tidleg, og bli med på besøk i Svinvika hos Sven Olav og Gunn Tove Svinvik.
Surnadal kommune inngjekk avtale om legevaktsamarbeid i Orkdalsregionen (LIO) frå 01.01.2011. Det vart gjennomført ei spørjeundersøking etter knapt eit års drift, men svarprosenten den gongen var så låg at kommunestyret i Surnadal vedtok at det skulle gjennomførast ei ny spørjeundersøking i 2012. Den er no i gang, og det er viktig at du tek del i denne undersøkjinga. Det kan kan du gjera ved å fylle ut elektronisk spørjeskjema her, eller du kan få svarskjema på sørviskontoret på kommunehuset, på helsestasjonen, NAV og legesenteret. Svarfristen er 15. november!
Les heile saka
Torsdag kveld inviterer Todalen skule, biblioteket og FAU bokkveld på biblioteket. Elevane i 5. klassen har pussa opp og ordna nynorskkrok på bilioteket. Dermed blir det offisiell opning av kroken og framsyning av animasjonsfilm denne kvelden. Det blir i tillegg utstilling av lesebøkene til Thorbjørn Egner for å martkere 100-årsjubileet.
Les heile saka
1. og 2. klassen på Todalen og Stangvik oppvekstsenter hadde hyggeleg besøk frå politiet i dag, Dei snakka om trafikkreglar og bruk av refleks. Alle elevane fekk utdelt refleksvest slik at dei no skal bli godt synlege på mørke haustvegar. Elevane fekk ei påminning om kor viktig det er å bruke bilbelte både i buss og bil.
Les heile saka
Det skjer i Rindalshuset, og det er opa salgsmesse både laurdag 10. og søndag 11. november. Vil du ha litt avveksling frå store kjøpesentra før «julestria» startar kan det være mykje fint å sjå og artig å oppleve med rundt 50 utstillarar fra heile distriktet her. Frå Todalen er det to utstillarar som skal ha stand der, nemleg Wenche Kvendset som stiller med mølsgraut, lefser og litt tå kvart elles. I tillegg er Bernt Jørgensen på plass med sine husflidsprodukt.
Les heile saka
Det er no klart at det blir norgesmeisterkap i randonee på Kårvatn i Todalen i januar, der Todalen idrettslag står som arrangør. Laurdag 12. januar går den individuelle konkurransen av stabelen, og søndag 13. januar er det duka for lagkonkurranse. Det skal skje i Dalalia på Kårvatn, med NM-arena på Bekkøya. Det er dei fine forholda oppover lia mot Tydalsnebba som lokkar løparane til Todalen.
Les heile saka
Månedens bloggar er opprinneleg frå Solvollen, men bur snart i eige rekkjehus på Fløya Terasse i Kristiansund. Britt Iren Øyen har saman med sambuaren akkurat kjøpt felles bustad og ser fram til ny tilværelse om ikkje alt for lenge. Todalen.no gratulerer med kjøpet, og takkar for eit fyldigt bloggbidrag!
Les heile saka
Nokre foreldre har teke initiativ til å arrangere ein uformell familiedag i Skulstuå laurdag 10.november kl 11. Her blir anledning å få ein kopp kaffe, saft, noko godt å bite i og ein triveleg prat. Ungane kan gjerne ta med uteklær om dei har lyst til å leike ute. For dei som har lyst til å være inne, blir det ein liten teiknekrok. Alle er vekomne til ein triveleg formiddag i Skulstuå!
Eit ungt salgskorps sørga for førehandssalg av loddar til fotballbasaren søndag ettermiddag. Det er mange som er engasjert i loddsalget, og dei forskjellige aldersbestemte laga må alle ta sin tørn med å få inn pengar når det skal arrangerast basar. Fotballbasar blir det søndag ettermiddag, med start kl 14.00 og trekning når det lir mot kveld i 17-tida. Torsdag ettermiddag var ein gjeng på plass ved «basarbordet» på Matkroken L.Hals for å drive loddsalg.
Les heile saka
Todalen idrettslag satsar stort på ny lysløype på Tjønnmyran, og arbeidet med å rydde løypetrase er alt kome i gang. Det har vore jobba med planer for ny lysløype i fleire år, og no er alle brikkane i planarbeidet på plass og arbeidet kan starte, fortel ledar i lysløypekomiteen Nils Ove Bruset. I forrige uke starta arbeidet med å rydde trase for den nye lysløypetraseen som er på rundt 1,5 km og den er lokalisert til Tjønnmyran.
Les heile saka