Skogkompaniet rydder no ffor å klargjere for sikringsarbeid ved rasstaden. Dei skal rydde unna skog i 50 meter i kileform mot rasstaden på begge sider av rasstaden. Dette er for å rydde plass for dei som skal starte sikringsarbeidet for ryddemannskapa og montering av ubåtnett. Seinare skal Skogkompaniet delta i utkjøringa av trevirket som ligg att rundt rasstaden, fortel driftsledar Palmer Vikan hos Skog-kompaniet.
Etter at geologen ga godkjenning til å starte arbeidet har Skogkomaniet vore inne med 2 mann med motorsag, samt traktor med kran og tilhengar for å tranportere ut virket etter kvart. Seinare skal dei ha hjelp av gravemaskin frå Mikkelsen Maskin til å ta ut trevirke som ligg i raskantane i området ved vegen. Dei har tysdag kveld gjort seg ferdig på den eine sida, og startar onsdag på Todalssida. Etter kvart vil også arbeidet med klargjering for montering av sikringsnett ta til.