Verdenspremierene står dessverre ikke i kø i Surnadal kulturhus. Dette vil Sveinung og Sigmund Kveli gjøre noe med lørdag 8. desember kl 19.00. Da detonerer de alle sine største latterbomber på rekke og rad. Intet orkester, ingen magedans, ingen akrobatikk eller sjonglering. Bare absolutt Kvelihumor!
Les heile saka
Harald U. Sverdrup i K.A. Rasmussen AS er kåret til Norges fremste vekstskaper i 2012 – Ernst & Young Entrepreneur Of The Year. Han går nå til den internasjonale finalen hvor han møter vekstskapere fra over 50 andre land. Våre to lokale finalister Terje Talgø og Hege Gåsvatn kom til finalen, som gikk i Oslo tirsdag kveld. Men der var det stopp. Vi er likevel imponert over at de to kom til finalen, der 18 finalister kjempet om den prestisjetunge prisen, som i fjor ble vunnet av Odd Reitan og året før av Petter Stordalen.
Les heile saka
No skal alle vegane i Surnadal kommune få eigne namn. Det er Statens Kartverk som har pålagt kommunane at alle husstandar skal ha ei offentleg adresse, og dette arbeidet er no snart kome til endes og skal vera klart frå 1. januar 2013. Surnadal kommune vil ha med «dei innfødte» på dette arbeidet, og har derfor lagt opp til eit samarbeid med det lokale Plan- og tiltaksutval (PT-utvalet) i Todalen for dei namnlause vegane bygda. Til sist er det namneutvalet i kommunene som skal kome med ei tilråding for kommunestyret som gjer endeleg vedtak. No du altså sjansen, men fristen er kort!!!
Les heile saka
Dei som har levert ungar i barnehagen i morgontimane la muligens til den nye leikehytta som no nesten er kome på plass inne på barnehageområdet. Dette er eit prosjekt starta etter eit foreldremøte i barnehagen tidleg i haust, der dei tilsette ønska eit lite leikehus til ungane. Ivar Bolme og Gunnar Nordvik tok på seg oppdraget, og har i ledige stunder reist dette byggverket inne på Ansnes Saga.
Les heile saka
Surnadal trenings- og velværesenter minner om at det er eit liv både i og etter jula, både med trening og velvære i bakhodet. I den anledning kjøyrer dei ulike kampanjar for å fremme helsa til den enkelte, og kanskje glede nokon med betre helse i form av ei annleis julegåve.
Les heile saka
Førstkommande søndag kl 17.00 (etter familiegudstjenesta) inviterer PT-utvalget i Todalen til den årlege julegrantenninga. Vi skriv då 1. søndag i advent og vi er offisielt inne i førjulstida. PT- utvalget lokkar med både nissar, godteri, gløgg og utlodning.
Les heile saka
Førebuingane til årets julerevy er godt i gang, og gjengen i «skrivarstova» har alt fått mykje på blokka si. Søndag kveld var Todalen.no innom ein snartur, men dei held enno korta tett til brystet og var naturleg nok litt tilbakehaldne med stoffet. Men datoen er klar, og 3. juledag (27.12) fører dei gode underhaldningstradisjonar vidare i Todalen undomshus. I år er dei attende på hovudscena og det blir i tillegg premiere for nytt og moderne lydanlegg og anna AV-ustyr som alt er kome på plass.
Les heile saka
Søndag ettermiddag inviterte Todalen historiealg sine sambygdingar til ettermiddagskaffe og premiere for årsskriftet for 2012. Det skjedde i Todalen ungdomshus, der dei i tillegg hadde invitert Reidar Østvik til å stille ut ein del av sine bilder i samband med arrangementet. Det var stor interesse både for den flotte bildeutstillinga og for det nye årsskriftet, for dei samla rundt 50 personar i Ungdomshuset denne ettermiddagsstunda.
Les heile saka
I går vart den tredje julemessa arrangert i Nistua på Nordvik. Og der var det fullt trøkk frå start til slutt kunne initiativstakar Torunn Nordvik fortelje. Størsteparten kom tidleg på dagen, for mange hadde nok sett av dagen til slike førjulsarrangement, da det var eit liknande arrangement på Hamnes også.
Les heile saka
Ein «ding dong» på dørklokka og 2 blide fjes som stod utafor, var ei påminning om at det er gått eit år og at det snart lir mot jul igjen. Det var nemleg Ola og Eivind Bolme som var på salgsrunde med årets utgåve av «Jul på Nordmøre». Det er no tredje året at dei har salgsanvaret for Jul på Nordmøre i Todalen, og dei skal innom alle hus i heile bygda. Dei rekna med å bruka heile dagen og fleire kveldar før dei er komne rundt til alle.
Les heile saka
For den som kunne tenkt seg å teke idrettsmerke, blir det anledning til det i dag kl 11.30 på Bordholmen. Dit kjem to representantar frå friidrettsgruppa for å bistå dei som dukkar opp.
Her finn du krava til dei ulike greinene: http://home.online.no/~vidsimm/krav.htm
Todalen Sanitetsforening driv no med førehandssalg av loddar på eit fint maleri dei har fått til utlodding med kunstnaren Ingun Redalen White. Trekkjinga skjer på adventskafeen i Sanitetshuset den 9. desember. Da Todalen.no var innom Matkroken L.Hals var det ledaren i Todalen sanitetsforening, Åse V. Redalen som sørga for loddsalg til iherdige kjøparar.
Les heile saka