Surnadal kommune kjem med denne meldinga til redaksjonen no i kveld: «Informasjon om vassforsyninga i kommunen: Abbonentar i Stangvik er framleis utan vatn. Det er uvisst når desse får vatnet attende. Vatn må hentast ved aldersheimen. Abbonentar i Todalen har vatn førebels. Mange enkeltbustader og gardsbruk rundt om i kommunen er vasslause. Om nokon treng […]
Les heile saka
Mange har i helga vore på sjøisen i Todalen. Fint ver og tilsynelatande fint føre med tjukk is har gjort Todalsfjorden til ein sosial boltreplass både for todalingane og ellers utabygdes. Men ikkje alle er like forsiktige utpå der. Ved Rossåa settefiskanlegg er det eit stort ope hol i isen der settefiskanlegger har sitt utløp. På ettermiddagen i dag var fleire fiskarar observert faretruande nær iskanten.
Les heile saka
Problema med tilføring av vatn til Bjøråa vassverk ser ut til å vera løyst. Det er no betre tilsig, og vi reknar med at det no skal bli tilnærma vanleg drift, seier vakthavende på kommunalteknikk Odd Einmo til Todalen.no. Søndag føremiddag var det litt problem med luft i pumpeanlegget, men etter lufting av anlegget og kontrollert oppkøyring igjen, så skal det no være vatn i kranane til abonnentane.
Les heile saka
Laurdag kveld fikk Magne Hansen publikums hederpris på idrettens festkveld i Surnadal kulturhus. Dei øvrige prisane gikk til Andrea Einmo Engdal (taekwondo) som årets utøvar og til Birgith Løseth som Årets ildsjel. Du kan lese meir om drettens festkveld på Driva.no.
Laurdag var det stor utfart på sjøisen. Det var litt kald vind, så det var best å halde seg i aktivitet. Men midt på dagen kom sola på ein visitt og da vart det betydeleg betre. Men det var stor aktivitet på sjøisen i dag, med både fiske, ishockeykamp og grilling. Eit hundretal store og små todalingar sørga i allfall for å halde kvarandre med selskap på denne fine vinterdagen.
Les heile saka
Kristian og Frikk er habile fiskarar både sommar og vinter. Dei har no venta lenge på sjøisen, og endeleg vart det sjøis av det skikkelege slaget, og da bar det utpå med snøre og pilk. Laurdag med skulefri vart nytta til heildag på sjøisen. isen ligg no helilt ut til Gjengstøa. Og fisk fikk dei, og her er dei avbilda med kvar sin torsk, som nok kjem på middagsbordet på Kvennli. Isen er no skikkeleg tjukk og sikker, og det er mange som har nytta finversdagen til å ta ein tur på sjøisen. Det gjeld berre å være litt firsiktig ved elveosane og der som det elles er råker.
I går kveld fekk ungane i 5.-7. klasse ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter støvet fram frå alle krokar då dei møttest til det årlege nyttårsballet ved Todalen Skule. Dette har vorte eit fast innslag på nyåret, som opprinneleg starta med at stangvikelevane for to år sidan inviterte todalselevane til fest på deira skule. I fjor var todalingane vertskap, medan dei i år samarbeidde sidan dei har felles skule. Nesten 40 møtte fram til noko som er årets høgdepunkt for mange.
Les heile saka
Sett av 29. juni, for da skjer det på Bordholmen, fortel Knut Bergli i Todalen Idrettslag. Han siktar sjølvsagt til Todalsdagen 2013, som er ei massemønstring av barnefotball for dei aller minste. Rundt 40 lag har delteke dei siste åra, og for mange av dei minste er det nok årets høgdepunkt. Stor fotballmønstring blir det også i år, og i fotballgruppa er dei godt i gang med planleggjinga, fortel Knut Bergli.
Les heile saka
Skuleelevane hadde det kjempekjekt på skøyteisen i går. Både 1.2. 3. og 4. klassen hadde flytta gymtimen til Bordholmen. Ungane likte seg veldig godt, og det var smil og god stemning. Fleire var på skeiser for første gong og det tok ikkje lang tid før dei fekk fart på beina. Nokre fall vart det, men ingen sure miner for det.
Les heile saka
Torsdag kveld var det klart for å fornye avtalen om fotballsamarbeid mellom Kvass/Ulvungen, I.L. Søya og Todalen. Avtalen som vart signert er ei vidareføring av fjorårets avtale, og vil gjelde eit småjentelag (J14), småguttelag (G14), samt seniorlag i 6-divisjon. Da er det klart at det blir seriekampar både på Bordholmen, Leikvoll og Søyabanen denne sesongen også. Vi er veldig glad for at dette gikk i orden, slik at det gode forballsamarbeidet kan fortsette, seier Knut Bergli som representerte styret i Todalen idrettslag.
Surnadal kommune melder at situasjonen framleis er vansleleg for vassforsyninga frå Bjøråa vassverk som dei driftar. Kommunen har i dag, utan særleg hell , undersøkt mulegheita for å auke tilsiget til brønnen. Slik situasjonen er fredag ettermiddag, vil abonnentane vil tidvis kunne tappe vatn, men vil vere utan vatn i den tida det tar å fylle brønnen igjen. Om det blir nødvendig vil kommunen køyre ut vasskonteinar som det kan tappast frå. Kommunen melder at dei vil halde ekstra høg beredskap gjennom helga. Vakthavande kan nås på tlf. 416 35 388. Sjå også nettstaden til Surnadal kommune.
Det har i vinter vært bra aktivtet for Skog-kompaniet, og det ser ut til å holde seg videre utover året, sier daglig leder Kristen Bruset. Skog-kompaniet søker derfor etter driftsleder, som skal forsterke selskapets administrasjon som holder til på Skei i Surnadal. Skogkompaniet leverer et bredt spekter av skogstjnester, både som entreprenør og i form av konsulenttjenester. En stor del av oppdragene for selskapet er skogrydding langs offentlige veier og rydding rundt onleggsområder.
Les heile saka