Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Så vart det slakting….

Så vart det slakting….

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. oktober 2013

Dei var i allfall i godt humør om det ikkje var nokon rekordhjort dei var i ferd med å slakte! Halla og Husby jaktlag felte under laurdagens hjortjakt ein kalv, men hadde fått fleire kronhjortar på postane. Men kronhjort var det ikkje att på kvoten, så den måtte berre få passere i fred og ro. Siste kronhjorten dei hadde på kvoten fall nemleg forrige helg dei var på jakt, da debutanten Svein Stensby sendte eit eksemplar av arten til dei «evige jaktmarker».

Halle og Husby har enno 3 dyr att på kvoten, så det blir nok fleire jaktdagar før dei har full pott. Men det er rikeleg med tid enno, for jakttida for hjort går heilt fram til 23. desember i år, så vi har ikkje noko stress ffor det enno, fortel Kristen Halle.  Han har sendt oss nokre bilde frå hjortjakta i Romådalen og Hallaliene.

Bilde av Svein Stensby med debuthjorten og andre jaktbilde finn du i galleriet nedafor.   Foto: Kristen Halle

Publisert: 26. oktober 2013, 18:00