Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Blir du med og lager julerevy?

Blir du med og lager julerevy?

Jon Olav Ørsal Sundag 27. oktober 2013

Det var ein entusiastisk gjeng som var samla til første møte om julerevy.  Det er fotballgruppa som står som arrangør av 3.-dagsfesta og dei følgjer tradisjonane vidare med revy på programmet. Dei ligg enno i startgropa, og treng mange til å være med for å få til dette, og vi går no ut for at alle som har lyst skal få sjangs til bli med. Vi treng folk til å være med på skriving, på scena, bak scena og til mange andre jobbar. Du treng slett ikkje å væra «proff» – vi har bruk for alle, seier ledar i fotballgruppa Borghild Talgø.

Vi har også mange dyktige revyfolk som er flytta ut av bygda, og vi har tanker om å prøve å etablere fleire grupper som kan bidra. F.eks har vi god erfaring med drahjelp frå «Oslo-gruppa» gjennom fleire år. Har dere eller andre lyst, så er det berre å ta kontakt så får vi til eit samarbeid, seier revygjengen som var samla til møte søndag kveld.

Julerevyen har ikkje fått noko namn enno, men det har skjedd så mykje i år at det er massevis av godt stoff til å få til ein god og artig revy, fortsetter møtegjengen. Eit godt og velklingande namn på revyen skal vi alltis få til, seier Håvard Halset som er veteran i revysamanheng.

Så altså: Har du lyst til å bli med er det berre å ta ein telefon til Borghild Talgø tlf 908 41 614 eller til Håvard Halset tlf 402 33 465.  Og til alle andre: Sett av 3. juledagskveld (27/12) til revyfest i Todalen ungdomshus!

Publisert: 27. oktober 2013, 23:08