Skog-Kompaniet AS i Surnadal endrar eigarstruktur, der 3 nye eigarar kjem inn og 3 av dei gamle eigarane går ut. I ei pressemelding fortel dei at Ura Holding AS, Alsco AS og Krogset Veg og Miljø AS er dei tre nye eigarane, og dette er firma som driv i same eller liknande verksemd. Skog-Kompaniet AS sysselsett i dag 10-15 personar, alt etter sesong, og skogrydding langs vegane er hovudversemda for selskapet, fortel dagleg leiar Kristen Bruset
Les heile saka
Måndag kveld var det tradisjonell dugnad og klargjering for ny sommarsesong i Svinviks arboret. Kvart år kjem ein iherdig gjeng frå Surnadal hagelag og andre hagevenner for å være med og ta eit skippertak for å rydde vekk rusk og rask etter vinteren. Sommarsesongen i Svinviks arboret startar laurdag 11. mai og varer fram til 11. august. Arboretet blir i år ope onsdag til søndag mellom kl 12 og 17. I tillegg er det langope på onsdagar i juli, fram til kl 20. i arboretet er det kafé der dei har eit smakfullt tilbod av kaffe/te og sommarlege kaker i tillegg til mykje anna.
Les heile saka
Surnadal kommune melder no på si nettside om kokepåbud av vatn hos abonentane ved Bjøråa vassverk. Der står det å lese: «På grunn av feil på renseanlegget i Bjøråa vassverk i Todalen blir abonnentane på det kommunale vassverket bedne om å koke drikkevatnet ei tid framover.
Les heile saka
Fotballsesongen er i gang for fullt, i dei aller fleste aldersklassane. Vi prøver også i år å komme med en oversikt over de ulike kampene først i uka, basert på ein forhåpentlegvis oppdatert banekalender. Vi tek kun med heimekampane på dei 3 ulike banane som Todalen IL og IL Søya er involverte i. Bordholmen Stadion, […]
Les heile saka
Sykkeltrimmen på Nordvik startet søndag 5. mai, og 18 personer deltok første kvelden. Det er vel et antall som er tilfredsstillende, men langt fra rekorden på 40 deltakere. Værgudene var også i godlag, slik at kaffe og nystekte vafler kunne nytes ute i det fri.
Som vanlig var det deltakere fra Stangvik og Lykkjebygda, og det er selvsagt gledelig at personer fra nabobygdene finner veien til Nordvik for å delta.
Les heile saka
På denne tida er det eit yrande liv på spelplassane. Ola Halle (Hjellnes) var natt til laurdag ute for å oppleve orrfuglspel, og hadde med kamera for å prøve å få bilde av spelet. Han tok plass i den improviserte «spelhytta» ved spellplassen før det vart mørkt fredag kveld. Spelhytta er satt opp ved ein spelplass inni Stranda, der det tradisjonelt har vore spellaktivitet. Så var det berre å vente på at noko skulle skje, og det gjorde det!
Les heile saka
Jon Bruset har vore ein tur oppi Romålia. Plantelivet er no litt forsinka i år med det tek etter kvart til å gro litt. har har sendt oss nokre bilete, og skriv i ein e-post: «Sjøl om våren er fleire veker for seint ute mot normalt, har plantene etter kvart begynt å røre på seg på dei tidlegaste plassane i Romålia.
Les heile saka
Torsdag kveld var SSU(samarbeidsutvalget) for Todalen og Stangvik Oppvekstsenter samla for ordinært møte ved Stangvik oppvekstsenter. På møteagendaen var det avsett ein halv time til befaring av nybygg, der også FAU ved både Todalen oppvekstsenter og Stangvik oppvekstsenter var invitert. Redaksjonen spurde i den anledning einingsleiar Bjørn Einar Høvik om det var rå og få bli med på ein fotorunde, da kanskje fleire kunne tenkt seg å få eit lite innblikk i byggeprossessen som skal ferdigstillast i løpet av sommaren.
Les heile saka
April har kome og gått utan det store mildvêret, som vår lokale vêrspåmann varsla allereie i mars. No tydar det på at han også får rett i at det kjem i neste veke. Uansett har vi fått inn mange fine bilete, og vi skal no kåre ein vinnar av månadens bilete for april.
Les heile saka
BF Solnør frå Fjord1, som går i rute 46 Kvanne – Rykkjem har endra rutetida frå 1. mai. Det vil seie at turen som går frå Kvanne kl 10.30 og Rykkjem kl 10.45 utgår, medan det har vorte ein ny avgang frå Kvanne kl 09.30 og frå Rykkjem kl 09.45. Denne endringa er sett i verk utan at endringa er kunngjort på anna måte enn på eit flygeblad som dei deler ut på ferja. Nye rutehefte fra 1. mai er enno ikkje klare frå trykkeriet!
Les heile saka
Torsdag 2. mai var det varsla storm og store snømengder, – ikkje særleg lokkande for den som skulle på stavgangtur! Heile føremiddagen lava snøen ned, og den kraftige vinden peip rundt novene og fekk dei store trea til å svaia. Det blir nok ingen som møter på stavgang i dag, nei! Men i 12-tida, ein time før start, stilna stormen, snøveret gav seg og sola viste seg på himmelen! 14 hardhausar møtte til stavgang, langt over det ein kunne venta slik som vêret hadde vore på føremiddagen.
Les heile saka
Måndag 13. mai inviterer Stangvik historielag til kulturvandring til Åsbøhagen og besøk i smia hos Ola Polden. Han er litt av ein tusenkunstner, og det blir nok eit interessant og artig besøk, for han har både mykje å vise fram og mykje å fortelje. Dette er den første av 4 kulturvandringar som Stangvik historielag skal ha i løpet av sommaren 2013. Historielaget ønskjer alle velkomne til å delta på lagets kulturvandringer.
Les heile saka