Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Med Todalsferja: Todalen – Kvanne eller omvendt

Med Todalsferja: Todalen – Kvanne eller omvendt

Jon Olav Ørsal Sundag 18. august 2013

BF Førdefjord kom i rute mellom Todalen og Kvanne frå tysdag 13. august. Etter at det vart beslutta å sette inn bilferje på Todalsfjorden medan vegen er stengt, tok det knappe 2 veker frå raset gikk til BF Førdefjord kunne ta premiereturen inn til Todalen for å prøve den nye kaia måndag 12. august. Frå neste morgon starta rutetrafikken med bilferja på Todalsfjorden. I mellomtida hadde landgangsfartyet MS Maursund frakta bilar inn og ut frå Todalen,  og bokstaveleg talt fått hjula i gang igjen.

Sia tysdag har BF Førdefjord gått 5 turar mellom Todalen og Kvanne og søger for at både store og små bilar kjem seg trygt til og frå bygda. Mesta og Vegvesenet la ned ein kjempeinnsats under bygginga av den nye ferjekaia som var klar til bruk måndag 12. august om kvelden. Frå komande tysdag skal ferja overnatte ved kaia på Ansnessaga, når kaiplassen der etter plana blir klar til bruk. Da slepp ferja å gå til Halsa for å ligge om natta. Dermed kan det bli ein ekstra tur kvar dag.

Kaptein Reidar Berge på BF Førdefjord er overraska over kor stor trafikk det har vore på strekninga, og det har opplevd at bilar har måtta stå att på kaia både i Todalen og på Kvanne. Men det hører nok til unntaka, så det er ikkje aktuelt med større ferje foreløpig, gliser han.

Laurdag var Todalen.no med på ferjeturen som starta frå Todalen 11.15 og med retur frå Kvanne kl 12.15. Da var det 3-4 bilar med ut frå Todalen, mellom anna Kjell Olav Hauso med tankbilen til Tine. Han hadde teke den første avgangen frå Kvanne og hadde i mellomtida henta 9131 liter mjølk frå dei 5 mjølkeprodusentane i Todalen. Tine hentar mjølk i Todalen kvar 3. dag heile året, uansett om det er helg eller ørk.

Laurdag var det finvêr og god temperatur, og dei fleste nytta høvet til å nyte turen utover mot Kvanne på dekk. Men BF Førdefjord har også ein fin og triveleg salong over bildekket. Her har du god utsikt til både til sidene og framover, slik at det går også an å nyte turen innandørs. I salongen er det sjølvbetjening av kaffe, svelar og bakels, og prøvesmaking bekreftar at det var prima vare som tygt kan anbefalast.

BF Førdefjord kom samtidig med BF Solnør til Kvanne på denne turen, og vi måtte derfor vente litt på kaiplass før vi kunne sleppe i land. På Kvanne er det no organisert to bilkøar, ein til Rykkjem og ein til Todalen. Surnadal Røde Kors er hyra inn til å halde styr på dei to køane, slik at det fungerer til tross for at det er litt plassmangel på ferjekaia. På turen innat til Todalen var det 5-6 bilar med, mellom anna ein semitrailer.

På Kvanne var det skifte av kaptein. Reidar Berge som kjem få Bergsøya skulle heim, og har fri til neste laurdag. Påtroppande kaptein er Leif Kvendset, som vi nok kjenner godt frå ferjestrekninga Kvanne – Rykkjem. Han skal stå til rors på «Todalsferja» den komande veka, til Reidar Berge kjem att. Dei to skal bytte på jobben fram til vegen til Todalen opnar igjen. Resten av mannskapet på BF Førdefjord er maskinsjef Anders Gjestad frå Aure, matros Øyvind Rokstad frå Smøla og lettmatros Ole Fjærli frå Valsøyfjord. På måndag kjem og ferjeveteranen Lars Olav Moe på som matros, og han var med på turen innover til Todalen for å gjera seg kjent på ferja.

På turen innat til Todalen var det same idyllen, og dei nye passasjerane kosa seg på utedekket. Turen innover til Todalen tek rundt 35-40 minutt, og ein rekk med god margin å drikke tom kaffekoppen på turen. Heldigvis vart det gratis å reise med Todalsferja, etter at det var forhandlingar mellom Surnadal kommune, Møre og Romsdal fylke og Statens vegvesen. Det var i utgangspunktet signalisert at reisande skulle betala etter takstar for sone 16. Da ville prisen ha vorte kr 50 for vaksne, kr 144 for bil og inntil 975 for vogntog på rundt 20 meter. Kl 12.50 la vi til kai igjen i Todalen, og det var etter ruteplane.

Vi takker for turen og har lagt ut eit bildegalleri frå finvêrsturen  Todalen – Kvanne eller omvendt.   Alle foto: Jon Olav Ørsal.

Publisert: 18. august 2013, 13:00