Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ikkje pubkveld

Ikkje pubkveld

Elinor Bolme Laurdag 4. august 2012

Redaksjonen har fått melding om at det ikkje er pub på Pakkhuset pub i kveld, slik som det var informert om under siste helgs opning.


J13 vart slegne ut i semifinalen!

J13 vart slegne ut i semifinalen!

Jon Olav Ørsal Fredag 3. august 2012

I ettermiddag har Søya-Todalen-Kvass/Ulvungen J13 møtt Bergen Nord/Hovding i semifinalen i B-sluttspelet på Ekebergsletta. Tross i stor optimisme og kampvilje vart Bergen Nord/Hovding for sterke i semifinalen, og kampen endte med tap 1-3. Mari Gjul utlignet for STKU like etter pause, men bergensjentene kom sterkt attende og vann fortjent. Men J13-jentene kan være stolte av resultatet dei har oppnådd under Norway Cup og vi er imponert over den store innsatsen og prestasjonen.

Les heile saka

J13 videre med seier over Lillestrøm!

J13 videre med seier over Lillestrøm!

Elinor Bolme Fredag 3. august 2012

Fra Knut Haugen og resten av gjengen på Ekebergsletta har vi fått dageng gladmelding: J13 slo Lillestrøm 1-0 i kvartfinalen!!  Live Røkkum scora på frispark fra langt hold i 1.omgang. Semifinale blir spela i dag kl 15.30.  Motstandar der er ikkje avgjort enda, men det står mellom Vålerenga eller Bergen Nord / Hovding.


J13 mot Lillestrøm – kampen utsatt til fredag

J13 mot Lillestrøm – kampen utsatt til fredag

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. august 2012

På grunn av regnvær og overvatn på Ekeberg er kampen som skulle gått torsdag kveld utsatt. J13-lagets kvartfinale B mot Lillestrøm er flytta til fredag kl 09.00. Så får vi håpe på betre tilhøve og full fart fredag. Vi ønskjer lykke til!


På tur – for 50 år siden

På tur – for 50 år siden

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. august 2012

Fra Reidun Østvik har vi fått tilsendt et turbilde med historisk sus. Hun skriver i e-posten: «Sender deg i dag et lite “jubileumsbilde” fra den tida vi var ung og sprek, og gikk i fjellet. Bildet er fra Talgøsetra, og er fotografert av Reidar den 1. august sommeren 1962!  Turgåerne er Ingrid Halset Nestua, og søskenbarnet hennes, Astrid Halset, og meg. Vi er på vei over Bjøråskaret til Innerdalen. Mora til Astrid Halset var fra Nerdalen. Som du ser, så har landskapet og veksten ved setra forandret seg utrolig mye gjennom disse 50 åra!»


Rock’en roll!

Rock’en roll!

Elinor Bolme Torsdag 2. august 2012

Etter mykje om og men har vi endelig fått ordnet slik at den tidligere omtalte barnehageopptredenen ved sommaravslutninga på Oppvekstsenteret her på forsommaren no blir publisert. Fordi innslaget var såpass langt, og det ikkje var ønskeleg med redigering, har vi benytta oss av Youtube. Filmsnutten er filma av Jostein Bruset og viser ei engasjert barnehagegruppe framføre Rock’en roll, fiskeboll.

Les heile saka

Taekwon-Do – kulturkveld på Gammelfabrikken

Taekwon-Do – kulturkveld på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. august 2012

Denne veka er det Taekwon-Do leir for vaksne på Nordmøre Folkehøgskule. Det er ein av tre leirar i sommar, for tidlegare i sommar har det vore leir for ungdommar og neste veke er det sommarleir for barn og foreldre. Det er no 22. året på rad at Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer sommarleir med deltakarar frå heile landet, og i løpet av sommaren er det rundt tusen deltakarar som er innom, fortel eldsjel og leirgeneral Kjell Gunnar Polden.

Les heile saka

Fuchsia på Todalshytta

Fuchsia på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. august 2012

Laurdag 4. og søndag 5. august vert det ustilling og salg av Fuchsia på Todalshytta. Det er Svanhild Hogstad (Steinarstua) som gjennom ei årrekkje har drive Drivstua garneri i Trondheim, som kjem for å vise fram litt av sitt utval av Fuchsia. Ho lesser full bilen og setter kursen for Todalen komande laurdag, og da blir det høve til både å sjå og kjøpe både laurdag og søndag, dersom du vil.

Les heile saka

Norway Cup – Oppdatert om sluttspelet

Norway Cup – Oppdatert om sluttspelet

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. august 2012

To av kampane i sluttspelet er ferdig. G19 måtte finne seg i at dei møtte overmakta mot Hauketo, og gikk på eit tap på 0-2. Knut Haugen rapporterer at det var ein jamn kamp, men laget fikk ikkje utteljing for sine målsjansar i 1. omgang. Men Hauketo klarte altså det viktigste, nemleg å score 2 mål. Men den skadeskotne troppa har gjort ei fin innsats i Norway Cup, der spesielt seieren mot Sykkylven var ein sterk prestasjon.

Les heile saka

Operasjon bruprosjekt – Rossåbrua

Operasjon bruprosjekt – Rossåbrua

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. august 2012

Mange har nok lurt på kva som foregår ved Rossåbrua, der det har vore innsnevring i kjørebanen i sommar. No er ferietida slutt for anleggsgjengen, og BMO entreprenør frå Kongsberg jobber med å rehabilitere Rossåbrua som skal få nytt rekkverk og ny føringskant. Dei skal også skifte ut dekket på brua for å legge inn ein membran som skal hindre at det trekkjer inn vatn som kan skade armeringjarnet i betongen.

Les heile saka

Sandfraktar ved kaia i Todalen

Sandfraktar ved kaia i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. juli 2012

Måndag kveld la sandfraktaren MS Torvåg frå Molde til kai i Todalen. Båten kom med 650 tonn med knusagrus og singel, som skulle leverast til Per E. Gjeldnes Maskin. Båten kom frå Viken Pukkverk i Harøysund ved Bud, og la til ved kaianlegget attmed Rossåa Settefisk, der Per E. Gjeldnes har depotlager for singel og knusagrus.

Les heile saka

Norway Cup – tysdagsrapport

Norway Cup – tysdagsrapport

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. juli 2012

Tysdag, som er dag 3 i Norway Cup vart nok ein liten nedtur for alle samarbeidslaga til Søya-Todalen-Kvass/Ulvungen. Til tross for iherdig innsats vart Nord 1 for sterke for J13, og sluttresultatet vart 2-3. Dei låg under 0-3 ved pause, og kom sterkt etter pausen. G14 møtte nok si overmakt i eit sterkt lag frå Team Nes, og gikk dermed på eit tap på 0-5. G19 har akkurat spela ferdig sin kamp mot Ottestad, og dei måtte også finne seg i tap på 1-2.

Les heile saka