Fredag kl 12 var første avgang for skyssbåten frå Todalen til Kvanne. Det er mesta som å skru tida attende til 1950-talet da «dampen» gikk i rute frå Kristiansund og intil endestasjonen som var Nessakaia på Todalsøra i Todalen. Den frakta med seg alle varer inn til Todalen, og frakta med seg varer som skulle «ut i verden» frå Todalen. Denne turen var premiere for skyssbåten som skal gå mellom Todalen og Kvanne i tida framover.
Les heile saka
Vi er vant til at kraftforet kjem etter landevegen med bulkbilar frå Norgesfor Røv Mølle. Etter at vegen vart stengt vart dette sjølvsagt eit stor problem, ettersom bøndene i Todalen brukar fleire tonn kraftfor kvar dag. Berre til hønehuset og oksefjøset i Pestua går det rundt 2 tonn kvar dag, året rundt.
Les heile saka
Talgø er no inne i siste ferieveka, og er klare til å starte på ny frisk måndag morgon. Det såg lenge vanskeleg ut for å klare å dra igang igjen på måndag, men etter kvart som løysingane på logistikkproblematikken har kome har det sett lysare ut. Løysinga med landgangfarty alt frå måndag føremiddag gjer at Talgø kjører igang med full drift alt frå måndag morgon. Dagleg leiar ola Magne Nordvik seier at en får nokre utfordringar med tanke på transport av ein del av dei tilsett til Todalen, men at ein har funne fleksible løysinger.
Les heile saka
Posten stoppar ikkje opp sine forsendelsar fordi om vegen er borte. Posten blir levert på rutebåten og så frakta over fjorden til Matkroken. Der blir den utlevert over disk av betjeninga. Ordninga blir slik fram at bilfraktinga over fjorden er komme i orden.
Les heile saka
Surnadal kommune sa i dag ja til at rutebåten som er oppsett med 7 avgangar frå Todalen til Kvanne skal anløpe Svinvika på kvar tur. Skiltet som står oppe ved krysset inn til Todalen kan difor være litt misvisande med tanke på tidlegare informasjon.
Les heile saka
Fredag var det nytt informasjonsmøte med representantar frå Surnadal kommune på Todalen Skule. Varaordførar Lilly Gunn Nyheim leia møtet og dei ulike etatane som har vore involvert i etterarbeidet i forbindelse med raset på onsdag, orienterte om kva som har vore gjort, og vidare arbeid framover. Det som vart hovedtema, var nok løysninga med båttransport, der det hadde vore ein intens føremiddag på komunehuset tidlegare på dagen.
Les heile saka
Rutetider for rutebåten frå Todalen til Kvanne tek no form. Dei fire første avgangane er no klare, og første turen går frå Todalen kl 12.00, melder kommunalsjef Karin Halle i Surnadal kommune. Båten går frå kaia ved Rossåa settefiskanlegg til Kvanne ferjekai. Etter møtet ved Todalen Skule no i ettermiddag, vart det bestemt at båten skal gå innom Svinvika på begge turane.
Les heile saka
Vandrefestivalen er lite berørt av rassituasjonen i Todalen, og går stort sett som normalt. Men på grunn av at vegen inn til Todalen er stengt på ubestemt tid er delarrangement som går i Todalen problematiske. Arrangementet KVIT VARDE som er planlagt søndag kl 12 blir difor avlyst på grunn av rassituasjonen i bygda. Sjå forøvrig heile programmet for Norsk Vandrefestival her.
Torsdag ettermiddag var Anders Talgø og Gudmund Kvendset på befaring der raset har starta, og vi har fått nokre bilete som viser korleis det ser ut der oppe. Raset har starta på myrane rett ovanfor sjølve lia. Det var faktisk to ras nesten ved sidan av kvarandre, men det som hadde starta litt lenger inn og lenger opp, hadde stoppa opp før det fikk nok moment og kom ned i den brattare lia.
Les heile saka
Frå Svorka har vi fått følgande pressemelding:
Etter at vi fikk klarsignal fra Statens vegvesen om å arbeide 20 meter fra raskanten, så har arbeidet med å sikre strømforsyning til Todalen gått som planlagt. De første kundene fikk normal strømforsyning fra 00.37 natt til fredag, og siste kunde ble tilkoblet kl 02.24, sier administrerende direktør i Svorka Energi AS Halvard Fjeldvær.
Beskjed fra Svorka til alle husstander i Todalen:
Fra ca kl 01.00 begynte strømmen og komme tilbake. I løpet av en stor time skal alle ha strøm levert fra nettet. Dette betyr at fra nå av kan normalt strømforbruk benyttes. Varme og varmtvannsberedere kan derfor tilkobles.
Spre denne meldingen til alle i Todalen både via nett, muntlig og andre kanaler.
Retter samtidig en STOR takk til Svorka energi for en fantastisk innsats med å få tilbake strøm.
Når det gjelder beredskap vedrørende helse og brann fortsetter denne som tidligere opplyst.
Eventuelle spørsmål kan rettes til Håvard Halset.
Montørene frå Svorka Energi er i full gang med å reparere høgspentlinja som går forbi rasstaden uti Stranda. I 20.30-tida var dei i full aktivitet med det tredje og siste strekket. Etterpå er det en del monteringsarbeid, før det så er klart til å sette på straum. Men mot midnatt går det an å starte […]
Les heile saka