Vi har fått ein e-post frå Ragna Kvenset der ho helsar og gratulerer med samefolkets dag. Ho skriv:»I dag er det 96 år sidan føregangskvinna Elsa Laula Renberg frå Hattfjelldal, var med å arrangerte det første Samiske Landsmøtet i 1917 i Trondheim. Vi her på Nordmøre har og ei samisk historie.
Les heile sakaSirkringsarbeid ved tunellen
Firmaet Betongrenovering As er i gang med sikringsarbeidet i Svinviktunellen igjen. Dei skal no fullføre jobben som vart starta før jul, og noe skal det leggjast netting over det rasfarlige området. Nettingen skal så boltes fast, slik at eventuell lausmasse blir halden på plass.
Les heile sakaSøndag – inviterer til ettermiddagskaffe!
Søndag blir du invitert til ettermiddagskaffe! Det er Todalen historielag som står attafor invitasjonen, og det skjer i Todalen ungdomshus søndag 10. februar kl 14. Historielaget har mykje meir å by på enn berre kaffe og kaffebrød. Da blir det visning av gamle videoglimt, der Svein Åge Saksen viser opptak han gjorde for mange år sia – heilt i videofilmens barndom. Treskjerarkunst blir det og vist, for historielaget har fått låne ei unik samlig etter Kristoffer Gjeldnes på Snøya.
Les heile sakaTalgø er tilbake på Stockholmsmessa
Tysdag når Stockholmsmessa opna, var Talgø på plass for å vise sine produkt for det Skandinaviske markedet. Det er no meir enn ti år sia sist Talgø hadde utstilling der, og det har nok skjedd store endringar både i den skandinaviske møbelmarknaden og hos Talgø sia den gongen. Stockholmsmessa er skandinavias største møteplass for møbel og lysdesign for både private heimar og offentlege miljø. Talgø har fylt opp 420 m2 med møblar for stue og kjøkken, soverom, garderobar og hagemøblar.
Les heile sakaBarn i løypa
Skigruppa arrangerer førstkommende torsdag barn i løypa. Det er no såpass med snø i lysløypa i Ørsalbukta at det let seg gjennomføre. Så da er det berre å møte opp frå klokka 18 og utover melder leiar i Skigruppa, Jorid Haugen Ansnes.
Gubbetrim med ishockey
Måndag kveld var det full fart på isen på Bordholmen. Topp istilhøve hadde bokstaveleg talt lokka gubbetrimmen ut på glattisen denne kvelden, og i lyset frå lyskastarane vart det utkjempa harde duellar med pucken. Sjølv om det var 7 kuldegrader hadde gjengen ingen problemer med å halde varmen, og det var berre såvidt dei hadde tid til å bli med på ein liten fotosession.
Les heile sakaLøyper til Skihytta
No blir det oppkøyrt løype til Skihytta. Arnt Ivar Brøndbo starter tysdag arbeidet med oppkøyring av løypetrasè til Skihytta. I første omgang vil arbeidet bli å køyre på løypetrase og lage ein såle i løypa, men alt til helga vil det blir køyrt på spor. Da blir det spor frå Innerdalsmerket via Talgøsetra til Tristeinan, og vidare utover til Skihytta. Det vil også bli eit spor frå Ungdomshuset og opp Øyalia til Skihytta, og det blir gjort forsøk på å køyre spor frå Tristeinan og oppå Midtryggen.
Les heile sakaPå ski for første gong…
Den siste veka har 6 malaysere «prøvd seg» som todalingar. Dei har vore på Talgø Møbelfabrikk på serviceoppdrag, og med iherdig innsats har dei jobba inn ein dag for å få tid til ein skidag, før dei reiser heim att på tirsdag. Tove Talgø Brøndbo, Arnt Ivar Brøndbo og Christian Madaus var måndag instruktørar og aktivitørar for dei 6 malysiarane, og etter eit intensivkurs i teknikk og bruk av utstyr så bar det ut i skiløypa.
Les heile sakaÅrets bilete 2012: Nordlys over Gjeldnes
Då er avstemninga for Årets Bilete for 2012 over, og vi har fått ein vinnar. Årets bilete for 2012 går til Frode Grønmyr for Nordlys over Gjeldnes.
Les heile sakaHanne Heggset vart norgesmeister
Hanne Heggset, Surnadal vart norgesmester i parallell-slalåm under dagens renn i Vardåsen i Asker, og la dermed inn enin knallsterk søknad til eit VM uttak. Emil Haugen Ansnes vann kvartfinalerennet sitt, men vart desverre diskvalifsert grunna litt for mykje feilkjøring. Erika Kårvatn Moen hadde eit fall i dagens konkurranse og kom seg dermed ikkje vidare.
Les heile sakaGod innsats i NM i telemark
I helga stiller tre lokale utøvere på NM i telemark i Vardåsen, Asker. Etter dagens renn er stemninga god i Surnadalsleiren, der Emil Haugen Ansnes, Todalen IL kom på 5. plass i sin klasse. Erika Kårvatn som kjøyrer for ØSIL kom på 4. plass i sin klasse og medan Hanne Heggset, Surnadal tok 2. plassen. Dette i følge skiforbundet sine nettsider. Dagens renn var klassisk stil i to omgangar, der det ikkje berre gjeld å ha best tid, men også å ha rett teknikk nedover løypa.
Les heile sakaSå kom regnet…
Etter ein lang kuldeperiode, slo det i natt om til mildvær og regn. Og med regnværet vart det nye utfordringar, med tette stikkrenner og vatn på mange plassar det det ikkje skal være vatn. Det er no lurt å ta en runde og kontrollere om vatnet renn dit det skal, og ikkje inn i kjellarar og garasjer. Utover ettermiddagen og kvelden går det igjen over til nø, og til natta blir det atter kuldegrader.
Les heile saka