Det har på nyåret vore stor byggeaktivitet i Steinarstua. Det vises ikkje så mykje frå vegen, men Frode Grønmyr fortel at det blir bygd til ein ny seksjon til våningshuset. Tilbygget er på knappe 30 m2 i to etasjar, og skal gi plass til nytt boareal.
Les heile saka
Svorka melder på si nettside om strømutkobling i Todalen i morgon på strekninga Halset trafokrets 2. Utkoblinga gjeld frå kl 10 og i ca ein time utover.
Sjå meir HER
Kristen Bruset slutter som daglig leder i Skog-kompaniet, og nå søker selskapet som har kontor i Næringshagen på Skei etter han etterfølger. Skog-kompaniet har ca 25,0 mill i årsomsetning, og har heile landet som satsingsområde. Selskapet har to hovudsatsingsområder, som er vegkantrydding og konsulentvirksomhet.
Les heile saka
240 personar frå heile distriktet deltok torsdag på Surnadal Sparebanks næringslivsdag i Surnadal kulturhus. Ei rekke kjente føredragshaldarar var invitert, ig tillegg til lokale. Eit av høgdepunkta var utdeling av årets Utviklingspris, som i år gikk til Talgøkonsernet.
Les heile saka
Vi har kome over i 2014, og er klare med vinnaren for månadens bilete i desember. Det blei Jo Gjeldnes med biletet Stjerneklart. Vi gratulerer, og lover at premien blir overbrakt ved første høve.
Les heile saka
Beatboksar Mari Fiske som underheld på 3.dagsfesten i romjula, ei av mange som seinhaustes har vore på audition rundt om i landet til den populære serien Norske talenter. Opptaka frå Trondheim starta 24. og 25. november til serien som har premiere allerede no fredag 17. januar på TV2.
Les heile saka
Idrettsrådet i Surnadal har i dag i samarbeid med Driva lansert fem kandidatar til å motta «Publikums hederspris» som skal delast ut på Idrettens festaften i Surnadal kulturhus 8. februar. Dei fem nominerte er: Ingvar Sæther, Tonje Fuglås Kvendbø, Svein Dalen, Trollheimen kjøre- og ridelag, og Todalens eigen Terje Nordvik.
Les heile saka
No startar volleyball-treningane på Todalen oppvekstsenter igjen. Dette kjem til å bli kvar måndagskveld kl.19.00 i gymsalen, frå 20. januar. Aldersgrense er konfirmert, både damer og herrer.
Håpar så mange som mogleg kjem og deltek!
Les heile saka
Eltel har dei siste dagane montert ei ny radiolinje inn til sentralen til Telenor i Todalen. Den går via ein link på Hjellnes til Kvanne. Dermed er vi vel kvitt problema med ising på Strengen skulle vi tru. Den nye linja krevde fri sikt til Hjellnes, og dermed måtte stålmasta ved sentralen forlenges med ein seksjon.
Les heile saka
Elisabeth Aas og Per Hølaas gler seg til å flytte inn i ny hytte til påske. Det var i si tid Frank og Dagreid Aas som bygde hytta Sissibu, som ligg ved vegen i Sissigrenda. No er det neste generasjon som er eigarar og brukarar, og Elisabeth og Per har bruka hytta mykje i sammarhalvåret og er nok mesta for todalingar å rekne. Da dei skulle renovere hytta i fjor haust oppdaga dei at det var til dels store råteskader på bygget.
Les heile saka
Dersom du har problem med å kome inn på internett i dag, så har det kanskje si naturlege forklaring. Svorka er nemleg igang med å oppgradere nettet og dei har varsla at det kan bli korte brudd i sambandet for kundane i Todalen, Kvanne og Lykkjebygda. I tillegg har det vore feil på basestasjonen på Reiret/Talgøsetra. Etter omkoblinga er det også nødvendig å ha oppgradert router for deg som er «trådlaus».
Les heile saka
Laurdag fekk vi litt føling med kulda, og i natt kom det 3-4 cm snø. Meir snø og skiføre må vi nok vente litt på enda, men kuldegrader blir det gjennom heile veka og dermed blir det ein ypperleg sjanse til å lage is på asfastbanen på Bordholmen, seier Knut Bergli i styret for Todalen idrettslag.
Les heile saka