Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

17. mai: Blir du med på korpsdugnad?

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. mai 2014

Det er vel dei fleste som ønskjer korpsmusikk i folketoget på nasjonaldagen. Dei siste åra har dette vore arrangert som ein «korpsdugnad», og det vil ein også prøve i år. Frode Grønmyr vil prøve å samle alle gode krefter til ein slik dugnad, og skriv i ein e-post til Todalen.no: «Som vanleg prøvar vi å få til eit lite korps i Todalen til 17.maitoget. Vi skulle gjerne vore fleire, og spelar du eller har spela eit korpsinstrument er du hjerteleg velkommen til å bli med.

DSC_8116

Korpset deltok i folketoget fra kyrkja og oppover til Todalen oppvekstsenter. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Vi spelar i toget som går frå kyrkja til skulen med avgang kl 15. Vi spelar tre marsjar i toget og nasjonalsongen på skuleplassen. Vi satsar på å ha to øvingar før 17. mai. I dette korpset er det nokon som øver kvar veke og nokon som spelar ein gong for året, så her er det ope for alle. Vil du bli med kan du ta kontakt med Frode Grønmyr på telefon 48068543 eller frode.gronmyr@svorka.net».

Han håpar som sagt å få med flest muleg, og vi oppfordrar til å ta kontakt med Frode så snart som muleg!

Publisert: 1. mai 2014, 09:08