Beatboksar Mari Fiske som underheld på 3.dagsfesten i romjula, ei av mange som seinhaustes har vore på audition rundt om i landet til den populære serien Norske talenter. Opptaka frå Trondheim starta 24. og 25. november til serien som har premiere allerede no fredag 17. januar på TV2.
Les heile saka
Idrettsrådet i Surnadal har i dag i samarbeid med Driva lansert fem kandidatar til å motta «Publikums hederspris» som skal delast ut på Idrettens festaften i Surnadal kulturhus 8. februar. Dei fem nominerte er: Ingvar Sæther, Tonje Fuglås Kvendbø, Svein Dalen, Trollheimen kjøre- og ridelag, og Todalens eigen Terje Nordvik.
Les heile saka
No startar volleyball-treningane på Todalen oppvekstsenter igjen. Dette kjem til å bli kvar måndagskveld kl.19.00 i gymsalen, frå 20. januar. Aldersgrense er konfirmert, både damer og herrer.
Håpar så mange som mogleg kjem og deltek!
Les heile saka
Eltel har dei siste dagane montert ei ny radiolinje inn til sentralen til Telenor i Todalen. Den går via ein link på Hjellnes til Kvanne. Dermed er vi vel kvitt problema med ising på Strengen skulle vi tru. Den nye linja krevde fri sikt til Hjellnes, og dermed måtte stålmasta ved sentralen forlenges med ein seksjon.
Les heile saka
Elisabeth Aas og Per Hølaas gler seg til å flytte inn i ny hytte til påske. Det var i si tid Frank og Dagreid Aas som bygde hytta Sissibu, som ligg ved vegen i Sissigrenda. No er det neste generasjon som er eigarar og brukarar, og Elisabeth og Per har bruka hytta mykje i sammarhalvåret og er nok mesta for todalingar å rekne. Da dei skulle renovere hytta i fjor haust oppdaga dei at det var til dels store råteskader på bygget.
Les heile saka
Dersom du har problem med å kome inn på internett i dag, så har det kanskje si naturlege forklaring. Svorka er nemleg igang med å oppgradere nettet og dei har varsla at det kan bli korte brudd i sambandet for kundane i Todalen, Kvanne og Lykkjebygda. I tillegg har det vore feil på basestasjonen på Reiret/Talgøsetra. Etter omkoblinga er det også nødvendig å ha oppgradert router for deg som er «trådlaus».
Les heile saka
Laurdag fekk vi litt føling med kulda, og i natt kom det 3-4 cm snø. Meir snø og skiføre må vi nok vente litt på enda, men kuldegrader blir det gjennom heile veka og dermed blir det ein ypperleg sjanse til å lage is på asfastbanen på Bordholmen, seier Knut Bergli i styret for Todalen idrettslag.
Les heile saka
Trondheimsolisten imponerte ein fullsett sal i kulturhuset med sin nyttårskonsert fredag kveld. Lars Sæteher frå kulturkontoret dro samanlikning samanlikna til Premier League i sin korte takketale, og den kan vi berre slutte oss til. Konserten var ei kjempefin oppleving både for publikum og for elevane frå kulturskulen som fikk spele i lag med proffane.
Les heile saka
Todalen Barnehage fekk før jul ei lita ladning med nye strikkakleder til dokkeparken sin. Dei har hatt dette på ønskelista ei lita stund, og Randi Irene Gjeldnes strikka nokre fine sett til dei.
Les heile saka
Då er vi over på nytt år, og det betyr at vi snart setter i gang avstemninga for årets bilete. Men først er det klart for å finne den siste kandidaten og månadens bilete for desember.
Les heile saka
Da kan Amfi Kreativ vera plassen for deg! Amfi Kreativ er et fullservice reklamebyrå som leverer alt fra enkeltststående ekspressoppdrag til større kampanjer og totalkonsepter og har sitt hovedkontor på Næringshagen på Skei, med avdelingskontor i Oslo.
Les heile saka
Svorka Energi melder om strømutkobling på strekninga Kvendset-Kårvatn i morgon fredag 10. januar. Utkoblinga skjer mellom 10-11.
Les heile saka