Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag: Årsmøte i Todalen historielag

Jon Olav Ørsal Fredag 21. februar 2014

Førstkomande søndag (23.2.) arrangerer Todalen historielag årsmøte i ungdomshuset. Årsmøtet startar kl 14, og etterpå blir det vanleg medlemsmøte. Svein Åge Saksen viser filmen «Todalsfjorden minutt for minutt» med lokalkjente kommentatorar.  Her kan du laste ned plakaten med fullstendig sakliste, og sjølvsqagt er det traktering.


Ligg ikkje på latsida

Elinor Bolme Fredag 21. februar 2014

Kvar torsdag møtes eit knippe spreke damer til trim i gymsalen på Todalen Skule. Dette tilbudet har eksistert i alle dei år, faktisk bortimot ein mannsalder fann nokre av dei frammøtte ut i går. I tidlege tider, før dagens gymsal vart påbygd var instruktøren Jean Kvendset, før Ann Kristin Nerland Bruset tok over.

Les heile saka

Forlet Rauma, til fordel for Noregs minste nasjonalpark

Elinor Bolme Fredag 21. februar 2014

Brit Grønmyr, oppvakse i Steinarstua er kjent for dei fleste av oss som ei naturglad og turorientert dame. For fire dagar sidan sa ho opp jobben sin som mjløvernleiar i Rauma kommune til fordel for ei nyoppretta stilling som nasjonalparkforvaltar i Møysalen Nasjonalpark i Nordland. Her vil ho blandt anna vera sekretær for nasjonalparkstyret som vart oppretta av miljøverdepartementet våren 2013 med ordførarane i kommunane Hadsel, Lødingen, Sortland og Vågan saman med ein representant frå Nordland fylkeskommune og ein frå Sametinget.

Les heile saka

Månadens bilete: Blekkstilt i Todalsfjorden

Ole Petter Talgø Fredag 21. februar 2014

Då er årets første månadens bilete klart, og for januar kan vi gratulere Siri Schwabe Moe som vinnar. Kanskje var det savnet etter ei anna årstid som blei utslagsgivande? Det var særdeles jamnt i månadens avstemning, med fem stemmer som skilte dei tre mest populære bileta.

Les heile saka

Lover opp i mot 60 års levetid, nå også med miljødeklarasjon

Elinor Bolme Torsdag 20. februar 2014

Talgø melder idag på sine nettsider at MøreRoyal® no har fått utarbeida miljødeklarasjonen EPD. Dette er eit resultat av Talgø sitt fokus på miljø og dokumentasjon, og er eit viktig redskap opp i mot deira kunder. Hensikta med deklarasjonen er at kunden skal kunne sammenligne miljøprofil og foreta ei vurdering og eit valg basert på miljødeklarasjonen.

Les heile saka

Grunnlovsminnet i Stangvik

Bernt Bøe Torsdag 20. februar 2014

Med fellesgudsteneste i Stangvik vil kyrkjelydane i Surnadal søndag markere 200-årsminnet for grunnlova.Etter gudstenesta, med både liturgisk og musikalsk innhald som mange vil kjenne seg att i, er det kyrkjekaffe og tilbakeblikk på grunnlovsåret 1814. Råg Ranes vil ta for seg dei historiske hendingane frå den gongen.

Les heile saka

Kvar bur du?

Elinor Bolme Onsdag 19. februar 2014

I dag har mange bebuarar på strekninga Haugen-Bruset fått orientering frå Surnadal kommune angåande vegnamnet på fylkesveg 671 i brevs form. Etter lang tids arbeid, byrjar no vegnamnbrikkane å falle på plass fortel Sølvi Irene Fuglås, tekninsk konsulent ved Surnadal kommune. Kartverket har tidlegare vedteke at det skal tildelast offisielle vegadresser i heile landet, slik at adressa skal hjelpe besøkande, redningstenester og andre å finne fram.

Les heile saka

Søndag: Gudsteneste i Todalen kyrkje kl 19.30

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. februar 2014

Søndag kveld 23. februar er det gudsteneste i Todalen kyrkje, med sokneprest Bernt Venås. Gudstenesta startar kl 19.30.  Prekenteksta er denne kvelden frå Matt. 17, 1-9.

 


Årsmøtetid for Surnadal pensjonistlag

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. februar 2014

Neste torsdag møtes Surnadal pensjonistlag til årsmøte. Det skjer på møterommet til Surnadal sjukeheim, torsdag 27. februar kl 15.00. På saklista står mellom anna vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val.

Les heile saka

Så kom regnet – men framleis forbod mot open eld

Jon Olav Ørsal Måndag 17. februar 2014

Endeleg kom det litt regn. Den knusktørre vegetasjonen i skog og mark har nok fått litt fukt, og brannfaren er nok redusert på kort sikt. På vêrmeldinga til YR.NO er det i dag meldt litt sludd og snø, men det blir opphald utpå dagen. Natt til tysdag er det og meldt litt nedbør, før det blir opphald og tildels pent vêr. Utover veka er det igjen meldt søraustleg vindretning, så vi kan fort ha same situasjonen med stor brannfare igjen, seier brannsjef Tor Arne Moen i Surnadal kommune.

Les heile saka

Ved som varmer fleire gong..

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. februar 2014

Det blir sagt at veden varmer fleire gong når ein driv med vedhogst. Det er nok tilfelle, og ikkje minst når ein driv vedhogst. Laurdag var det fleire vi trefte som dreiv med vedhogst, med tanke på å halde varmen neste vinter. Inneværande vinter har nok ikkje gjort så store innhogg i vedlageret, men det er sikkert greit å fylle på igjen. På nyåret har det i alle fall vore fint å drive litt skogsarbeid, med barmark og opptil fleire varmegrader i lufta.

Les heile saka

Snekkarlærlingar på oppdrag på Statland

Jon Olav Ørsal Fredag 14. februar 2014

Statland vart plutseleg kjent for alle for eit par veker sia. Undersjøisk ras med stor flodbølge som slo innover land, ga store overskrifter i media over heile landet. I nabobygda Flatanger var det samtid ein stor skogbrann, så det var liksom ikkje måte på kor mykje som skjedde samtidig. Statland ligg på vestsida av Namsenfjorden, mellom […]

Les heile saka